Alfred Hauge

norsk forfattar

Alfred Hauge (17. oktober 191531. oktober 1986) var ein norsk forfattar og journalist frå Finnøy kommune i Ryfylke i Rogaland.

Alfred Hauge
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1915
Kyrkjøy
Død

31. oktober 1986 (71 år)
Stavanger

Yrke Jorunalist, forfattar
Periode 1941-1986
Debut Septemberfrost

Hauge voks opp på Kyrkjøy i Sjernarøy. Han var elev ved landsgymnasa i Bryne og på Voss og tok examen artium i 1935 før han tok lærarskuleeksamen i Oslo 1939. I fleire år arbeidde han som lærar før han i 1951 vart journalist, først i avisa Vårt Land, og så frå 1953 til 1983 i Stavanger Aftenblad.

Hauge hadde bakgrunn frå den kristne lekmannsrørsla. I forfattarskapen sin utvikla han eit kulturope syn, kombinert med stor lojalitet mot sin eigen bakgrunn.

Han var oppteken av den norske utvandringa til Amerika. Mellom anna skreiv han ein trilogi om utvandrarpioneren Cleng Peerson. Desse bøkene vart selde i over 100 000 eksemplar.

Alfred Hauge skreiv både på nynorsk og bokmål. Forfattaren Kolbjørn Hauge var ein yngre bror av Alfred Hauge. Ved Sjernarøy kyrkje finst eit minnesmerke over Alfred Hauge.

Utmerkingar endre

Utval av utgjevingar endre

  • Septemberfrost : eit folkelivsbilete frå åra 1812-14 (1941)
  • Skyer i drift over vårgrønt land (1945) Diktsamling
  • Hans Nielsen Hauge : Guds vandringsmann (1947)
  • Året har ingen vår (1948) - roman, bind 1 av Lølands-trilogien
  • Fossen og bålet (1949) - roman, bind 2 av Lølands-trilogien
  • Tuntreet blør (1953) roman
  • Ingen kjenner dagen (1955) - roman, bind 3 av Lølands-trilogien
  • Kvinner på Galgebakken (1958) roman
  • Cleng Peerson : hundevakt (1961) roman. Del I av Cleng Peerson triologien
  • Cleng Peerson : landkjenning (1961) roman. Del II av Cleng Peerson triologien
  • Gå vest - : gjennom Amerika i emigrantspor. (1963) Reiseskildring. Teikningar av Henry Imsland
  • Cleng Peerson : ankerfeste. (1965) Del III av Cleng Peerson triologien
  • Mysterium (1967) roman
  • Cleng Peerson : utvandring (1968) Skodespel dramatisert i samarbeid med Asbjørn Toms.
  • Det evige sekund (1970) Diktsamling
  • Evangelium (1977) Diktsamling
  • Barndom (1975) Livsminne
  • Ungdom (1977) Livsminne
  • Flinta-Lars : det gamle Jæren i tradisjon og folkeminne (1985) Folkeminne
  • Gamle Jæren : andre boka om tradisjon og folkeminne etter Lars A. Tjøtta (1986) Folkeminne
  • Manndom. Livsminne (1999) Manuskript utgjeve av familien til Alfred Hauge i samarbeid med Gyldendal forlag.

Litteratur endre

  • Pedersen, Odd Kvaal: Gråstein og lengsel: peilinger i Alfred Hauges tema og litterære landskap, Oslo 1985. ISBN 82-05-16409-6
  • Sørbø, Jan Inge: Angen av bork og ein brennande einerbusk. Om Alfred Hauges forfattarskap, Oslo 2001. ISBN 82-05-29137-3
  • Aano, Jacob: Helsing Alfred : eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev, Oslo 2000. ISBN 82-476-0159-1