Lars Petter Selboe

norsk gardbrukar og politikar

Lars Petter Selboe (179114. september 1856) var ein norsk garvar, bonde og stortingsmann frå Kongsberg. Han var far til Jens Selboe.

Lars Petter Selboe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1791
Kongsberg
Død

14. september 1856 (65 år)
Kjeller

Yrke bonde, politikar

Lars Selboe dreiv gartneri på Regustad på Toten, før han flytta verksemda til Skedsmo i Akershus. Frå 1818 var han forpaktar av storgarden Vestre Kjeller.

Selboe var den fyrste ordføraren i Skedsmo, og i tida fram til 1853 var han ordførar heradet i til saman sju år. Han var stortingsmann frå Akershus amt i 1833, 1836, på Omframtstortinget 1836-37 og på Stortinget 1839. På alle fire tingsamlingane var han medlem av Lagtinget, og elles var han i 1833 med i Justiskomiteen, 1836 i Bankkomiteen, 1836-37 i «Bevilgningskomiteen» og 1839 i Traktatkomiteen. Han vart utskild or Riksretten 1836 av statsminister Severin Løvenskiold.

Kjelder endre