Opna hovudmenyen

Lars Ramndal (5. mai 189311. august 1971) var ein norsk gardbrukar, fiskar og politikar frå Mosterøy. Han representerte partiet VenstreStortinget frå 1945 til 1965.

Lars Ramndal
Regjeringen Lyngs siste dag fra debatten i Stortinget - L0022 368bFo30141605120046.jpg
Fødd 6. mai 1893
Død

8. november 1971

Yrke politikar
Lars Ramndal på Commons

Ramndal var fødd i Rennesøy, men foreldra flytta til Mosterøy då han var eitt år gammal. Foreldra dreiv sidan garden Dyskeland, farsgarden til mor hans. Sjølv var han forretningsførar for Mosterøy trygdekasse og heradskasserar i Mosterøy frå høvesvis 1911 og -12 til 1917. I åra frå 1917 til 26 livnærde han seg som fiskar. Han var formann 1925-39 i Rogaland fiskarlag, 1927-36 i Rogaland brislingfiskarlag og 1934-36 i Notfiskarsamskipnaden. I 1926 tok han over slektsgarden Dyskeland og dreiv denne i mange år.

Ramndal var varaordførar i Mosterøy herad 1922-25 og ordførar 1932-41 og 1945. Partipolitisk sokna han på 1920-talet til Bondepartiet, men braut med partiet før stortingsvalet 1927. Han melde seg inn i Venstre og stod på vallister for partiet i 1930-åra, utan å oppnå stortingsplass. Under andre verdskrigen vart han arrestert i april 1944. Han sat fengsla lokalt til han 1. juni 1944 vart overførd til Berg interneringsleir i Østfold. I frigjeringsdagane i mai 1945 var han sett fri.

Frå hausten 1945 til 1965 var Ramndal stortingsrepresentant frå Rogaland og Venstre. I heile denne 20-årsperioden var han formann i Justiskomiteen. Han var elles medlem i landsstyret i Venstre frå 1945 til han i 1950 vart vald til nestformann, ein posisjon han hadde i to år.

Ramndal deltok aktivt i ungdoms-, fråhalds- og kristeleg arbeid. Han var medarbeidar 1945-56 i Norsk Misjonstidende og formann 1957-61 i Landsnemnda til Avholdsfolket.

KjelderEndra