Opna hovudmenyen

Lars Tallaksson Foss (181110. april 1897) var ein norsk lærar, gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Lyngdal i Vest-Agder.

Lars Tallaksson Foss
Fødd1811
Død10. april 1897
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Far hans var gardbrukar i Lyngdal. Sjølv vart han utdanna til lærar hos soknepresten i Lyngdal. Frå 1827 til -35 var han skulehaldar. Han tok så over farsgarden og dreiv denne, seinare tok han over garden Rom frå svigerfaren og budde på denne. Foss var kasserar i den lokale sparebanken 1864-91. Han var medlem av heradsstyret 1840-84, ordførar i mange år. Elles forlikskommissær i tolv år.

Foss representerte Lister og Mandals amtStortinget i 1868-69 og 1871-73. Begge tingbolkane var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på garden Rom i Lyngdal i 1897.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914