Lateritt
Lateritt er raudfarga forvitringsjord med aluminium- og jernhydroksid som dei viktigaste bestanddelane.
Lateritt består av vulkanske bergartar, hovudsakleg av minerala kaolinitt, goethitt, hematitt og gibbisitt. I tillegg inneheld mange laterittar kvarts. Han er utbreidd i nedbørrike tropiske og subtropiske strøk.
Det er jernoksid saman med goethitt og hematitt som gjev den raudbrune fargen.
Lateritt finst i fuktige tropiske strøk og har ingen tydeleg lagdeling. På grunn av kjemisk forvitring er dei fleste silikatminerala borte slik at jordsmonnet i stor grad består av jarn og aluminium. Jarnsambindingane gjer at fargen er raudleg. Viss plantedekket forsvinn og jordsmonnet kjem i dagen, dannar det seg eit hardt lag eller skorpe.
Kjelder
endre- Lateritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/lateritt.
- Denne artikkelen bygger på «Lateritt» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2013.