Goethitt
Goethitt er eit særs utbreitt, brunleg jernmineral. Det er kjemisk eit jernhydroksid, a-FeOOH, med rombisk symmetri. Lepidokrokitt, ?-FeOOH, er eit anna mineral med same kjemiske samansetjing men med ein annan krystallstruktur (polymorfi). Goethitt blir danna for ein stor del ved forvitring og oksidasjon av andre jernhaldige mineral. Det er ein viktig bestanddel i brunjernstein (minettemalm; jernoolitt) og i myrmalm, og finst dessutan i den «jernhatten» som ofte blir danna i oksidasjonssonen over ein jernmalm.
Goethitt | |||
Goethitt, Restormel Royal Iron Mine i Cornwall i England. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | α-FeO | ||
Strunz-klassifisering | 04.FD.10 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Gulaktig til raudaktig til mørkebrun | ||
Krystallsystem | Ortorombisk 2/m2/m2/m | ||
Kløyv | perfekt {010} | ||
Brot | Ujamn til splintrete | ||
Mohs hardleiksskala | 5 - 5.5 | ||
Glans | Diamantaktig til matt | ||
Strekfarge | brun, brungul til oransjegul | ||
Spesifikk vekt | 3.3 - 4.3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | Ugjennomsiktig til delvis gjennomskineleg | ||
Smeltbarheit | Smeltbar ved 5 - 5.5 | ||
Andre eigenskapar | Vert magnetisk i reduksjonsflamme | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Jordaktige material, som oker, rust, limonitt og lateritt, inneheld goethitt i vekslande mengder, ofte tilblanda noko lepidokrokitt. Goethitt kan òg opptre i meir velkrystallisert form som primært hydrotermalmineral, til dømes i kontaktførekomstane i Oslofeltet.
Det er kalla opp etter den tyske Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832). Goethitt var kjend i førhistorisk tid som eit pigment. Det er funne spor av det i malingsprøvar frå grottene i Lascaux i Frankrike. Det vart først skildra i 1806 frå Hollertszuggruva i Dermbach i Herdorf i Siegerland i Rheinland-Pfalz i Tyskland.[3]
Gallery
endre-
Goethitt frå Minas Gerais i Brasil.
-
Goethittlag dekkjer rusta pyrittkubar
-
Goethitt--Leadville gruvedistrikt i Colorado
Kjelder
endre- Goethitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/goethitt.
- ↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogi (20th utg.). Wiley. ISBN 0-471-80580-7.
- ↑ http://webmineral.com/data/Goethite.shtml Webmineral data
- ↑ 3,0 3,1 http://www.mindat.org/min-1719.html Mindat data with locations
- ↑ http://www.galleries.com/minerals/oksyds/goethite/goethite.htm[daud lenkje] Mineral galleries