Laura Beatrice Marling (fødd 1. februar 1990) er ein songar og låtskrivar frå Hampshire i England.

Laura Marling

Fødd1. februar 1990 (34 år)
FødestadEngland
OpphavStorbritannia
Aktiv2006 til i dag
SjangerFolkrock
Instrumentgitar, vokal, akustisk gitar
Stemmetypealt
Tilknytte artistarNoah and the Whale, The Rakes, Mystery Jets, Johnny Flynn, Mumford & Sons
PlateselskapWayOutWest, Virgin
Verka somsongar-låtskrivar, gitarist, songar, plateartist, filmregissør
MorJudi Futrille
FarSir Charles Marling, 5th Baronet

Ho debuterte med singelen Ghosts, som kom ut på WayOutWest Records, med etterfølgjande singlar på Virgin Records. Debutalbumet hennar, Alas, I Cannot Swim, det andre albumet, I Speak Because I Can og det fjerde albumet, Once I Was an Eagle vart nominerte til Mercury Prize i åra 2008, 2010 og 2013.

Laura Marling er ein tidlegare medlem i gruppa Noah and the Whale og medverka på debutalbumet deira, Peaceful, The World Lays Me Down. Charlie Fink, vokalisten i Noah and the Whale, stod for produksjonen av debutalbumet til Marling. Ho medverkar også på singelen «Young Love» av mystery Jet, som kom ut 10. mars 2008 frå det andre albumet deira.

Diskografi

endre
  • 2008 Alas I Cannot Swim
  • 2010 I Speak Because I Can
  • 2011 A Creature I Don't Know
  • 2013 Once I Was an Eagle

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Laura Marling