Laurits Grønland

Laurits Grønland (12. juni 188729. mars 1957) var ein norsk jarnbanemann og politikar frå Nes i Buskerud som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1937 til 1949.

Laurits Grønland
Fødd 12. juni 1887
Død

29. mars 1957 (69 år)

Yrke politikar

Grønland var son til ein småbrukar i Nes. I barne- og ungdomsåra arbeidde han som gjetar, i skogen og på gard. År 1909 gjekk han Festningsartilleriet sin underoffiserskule på Oscarsborg og to år seinare tok han jarnbanane sin trafikkskule. Frå 1912 var Grønland tilsett i Noregs Statsbaner, fyrst som telegrafist til 1918, der etter stasjonert i Drammen som ekspeditør til 1937, fullmektig til 1939, fyrstefullmektig til 1948. Til sist var han NSB-sekretær i Drammen frå 1948 til han døydde.

Grønland var medlem av formannskapet i Skoger herad frå 1922 til 1940. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud, attvald i 1945. På Stortinget var han perioden 1945-49 formann i Protokollkomiteen.

KjelderEndra