Lauwersmeer er ein kunstig innsjø nord i Nederland på grensa mellom provinsane Groningen og Friesland. Innsjøen vart danna 23. mai 1969 då dika mellom Lauwerzeebukta og Vadehavet vart lukka.

Lauwersmeer
innsjø
Land  Nederland
Innsjøtype Kunstig innsjø
Tilsig Lauwers
Utløp Vadehavet
Areal 13,4 km²
Koordinatar 53°23′N 6°11′E / 53.383°N 6.183°E / 53.383; 6.183
Byar Marnewaard
Kart
Lauwersmeer
53°22′37″N 6°10′23″E / 53.377°N 6.173°E / 53.377; 6.173
Wikimedia Commons: Lauwersmeer

På austkysten av Lauwersmeer ligg Marnewaard, eit øvingsområde for den nederlandske hæren. Sentrale og austlege delar av innsjøen vart ein del av Lauwersmeer nasjonalpark i 2003.

Historie endre

Lauwerszee vart danna under ein flaum i 1280. Han er kalla opp etter elva Lauwers, som renn langs grensa mellom provinsane Groningen og Friesland. Det vart gjort mange planar etter flaumen om gjere bukta om til ein innsjø, men det tok mange år før dette vart gjort. Gradvis vart delar av bukta omgjort til polderar og bukta vart gradvis redusert frå ei bukt med to armar til ei nesten firkanta buk.

I 1960 etter Nordsjøflaumen i 1953 avgjorde regjeringa at det var på tide å drenere Lauwerszee, og byrja arbeidet på eit 13 km lang dike med sluser. Den nye hamna Lauwersoog vart delvis bygd langs dika. Dika vart til slutt lukka frå Vadehavet den 25. mai 1969 og sidan den gong har innsjøen heitt Lauwersmeer.

Lauwerzee vart gradvis ein ferskvassjø og nytt dyre- og planteliv dukka etter kvart opp. For å verne om dette nye og unge naturområde vart Lauwersmeer ein nasjonalpark i 2003.

Kjelder endre