Provinsen Groningen

provins i Nederland

Groningen (groningsk Grönnen) er den nordaustlegaste provinsen i Nederland. I aust grensar han til Tyskland og delstaten Niedersachsen, i sør til Drenthe, i vest til Friesland og i nord til Vadehavet. Groningen er stort sett ein jordbruksprovins og har store naturgassfelt nær Slochteren. Aust-Groningen var åstad for ein hard klassekamp på 1800- og 1900-talet, og Groningen har òg den einaste kommunen (Beerta) der det nederlandske kommunistpartiet har hatt ein borgarmeister. Administrasjonsstad i provinsen er byen Groningen.

Groningen
Provincie Groningen
provins
Flagg
Symbol
Land  Nederland
Hovudstad Groningen
Areal 2 960,0 km²
Folketal 582 728 (31. desember 2013)[1]
Kart
Groningen
53°15′29″N 6°44′16″E / 53.258055555556°N 6.7377777777778°E / 53.258055555556; 6.7377777777778
Wikimedia Commons: Groningen (province)

Historie

endre

Opphavleg var provinsen del av Friesland og vart så ein del av Frankarriket rundt 785. Karl den store let Ludger ta styringa over kristninga av dette området. På 1000-talet var byen Groningen ein landsby i Drenthe som var underlagt biskopen av Utrecht, medan det meste av provinsen var underlagt bispedømet Münster. I mellomalderen var sentralmakta langt under og Groningen fungerte som ein bystat og hadde stor påverknad på det omliggande Ommelanden. Rundt 1500 gav Maximilian I av Det tysk-romerske riket Groningen og Friesland til Albert av Sachsen, som aldri klarte å opprette permanent kontroll. I 1514/15 kom Groningen under hertugdømet Geldern, og i 1536 under Habsburgsk Nederland. I 1594 vart Groningen erobra av Dei sameinte Nederlanda og vart verande ein del av denne nasjonen etter dette.

Kommunar

endre
  1. Appingedam
  2. Bedum
  3. De Marne
  4. Delfzijl
  5. Eemsmond
  6. Groningen
  7. Grootegast
  8. Haren
  9. Leek
  10. Loppersum
  11. Marum
  12. Midden-Groningen
  13. Oldambt
  14. Pekela
  15. Stadskanaal
  16. Ten Boer
  17. Veendam
  18. Westerwolde
  19. Winsum
  20. Zuidhorn

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Groningen