Lawdy Miss Clawdy

Lawdy Miss Clawdy
Singel av Lloyd Price
B-side

«Mailman Blues»

Språk engelsk
Utgjeve April 1952
Innspelt J&M Recording Studio i New Orleans i Louisiana, 13. mars 1952
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:30
Selskap Specialty (cat. no. 428)
Komponist Lloyd Price
Tekstforfattar Lloyd Price
Låtskrivar(ar) Lloyd Price
Produsent Dave Bartholomew
Lloyd Price-kronologi 
Lawdy Miss Clawdy «Oooh, Oooh, Oooh»
(1952)


«Lawdy Miss Clawdy» er ein rhythm and blues-song av Lloyd Price som «på flott vis introduserte The New Orleans Sound»[1] Han vart først spelt inn av Price i 1952 med Fats Domino og Dave Bartholomew under den første innspelinga hans for Art Rupe og Specialty Records. Songen vart ein av dei bestseljande R&B-singlane i 1952 og kryssa over til andre publikum. «Lawdy Miss Clawdy» inspirerte mange songar og har blitt spelt av fleire andre artistar.

Bakgrunn endre

Medan han framleis var på high school arbeidde Lloyd Price for radiostasjonen WBOK i New Orleans.[2] Han laga jinglar (radioreklamar) for forskjellige produkt, mellom anan i lag med DJen James «Okey Dokey» Smith. Eit av dei faste uttrykka til Smith var «Lawdy Miss Clawdy»,[3] som han brukte i slagord som «Lawdy Miss Clawdy, eat Mother's Homemade Pies and drink Maxwell House coffee!»[4] Melodien Price skreiv for jingelen vart populær og han utvikla denne til ein heil song.[2]

I 1952 kom Art Rupe, som grunnla Specialty Records i Los Angeles, til New Orleans på leit etter eit nytt talent.[5] Den lokale studioeigaren Cosimo Matassa introduserte han for Dave Bartholomew, som var medlåtskrivar og produserte mange av dei tidlege hittane til Fats Domino.[1] Bartholomew inviterte den 19 år gamle Lloyd Price for å prøvespele for Rupe i Matassa's J&M Studio.

Kva som skjedde så er det usemje om.[6] I følgje Rupe, brukte Price for mykje tid på å øve og Rupe truga med å dra derfrå om han ikkje skjerpa seg. Rupe gav så etter og Price spelte ein emosjonell versjon av «Lawdy Miss Clawdy», som fekk Rupe til å avlyse turen attende til Los Angeles og arrangerte ei innspeling.[5] Price hugsa at han prøvespelte songen for Rupe og sjølv om han visstnok likte songen, drog han til New York utan å få i stand ei innspeling. To månader seinare fekk Price ein telefon om at «Art Rupe er attende i byen og ønskjer å spele inn musikk med deg».[7]

Innspeling og komposisjon endre

«Lawdy Miss Clawdy» vart spelt inn 13. mars 1952 i Cosimo Matassa's J&M Studios i New Orleans.[4] Produsenten Dave Bartholomew brukte bandet sitt for innspelinga, som bestod av pianisten Salvador Doucette, gitaristen Ernest McClean, bassisten Frank Fields, trommeslagaren Earl Palmer og saksofonistane Herbert Hardesty (tenor) og Joe Harris (alto).[1] Dei førte forsøka gjekk ikkje bra, visstnok fordi Bartholomew var misnøgd med pianoet til Doucette.[1] Då Fats Domino kom i studio vart han overtydd av Bartholomew om å vere med på innspelinga.[1] Etter ein gjennomgang sa Bartholomew «OK, det er det» og Matassa starta opptakaren.[1]

«Lawdy Miss Clawdy» opnar med Fat Domino sine «rullande trillar i fallande, blåsarliknande prosesjon».[1] Sjølv om Domino hadde spelt inn fleire songar med denne pianostilen han var kjend for,[8] gjorde hitten til Price at spelestilen vart eksponert for større publikum.[1] Domino gjentek introen i pianosoloen.[1] Eit anna viktig element i songen er trommespelinga til Earl Palmer, skildra som «byksande, mellomrask shuffle-rytme med ein travel cymbal».[6] Palmer legg stor vekt på skarptromma på andre og fjerde slag i kvar takt, noko som har gjort at han har blitt kalla «opphavsmannen til etterslaget».[1] I ein karakteristisk New Orleans-stil, bidreg resten av bandet med eit rytmisk driv «med forskjellige elemnt av rytme, i forskjellige mønster... denne komplekse, lagdelte rytmen har òg blitt samanliknga med afrikanske polyrytmar».[1]

«Lawdy Miss Clawdy» følgjer ein 8-taktsbluesprogresjon og vert spelt i 12/8-takt i Ass-dur.[9] elodien i songen kjem frå Fats Domino-hitten «The Fat Man»,[10] som han forklarte «kom frå ein gammal bluessong kalla «Junkers Blues».[11] Price nytta òg mange av dei same musikarane som spelte på songen til Domino.[12]

Utgjeving endre

Specialty Records gav ut «Lawdy Miss Clawdy» i april 1952 og 17. mai 1952 gjekk han inn på Billboard's R&B-lista, der han låg i alt i 26 veker.[13] Songen nådde førsteplassen, der han låg i sju veker.[13] I følgje Art Rupe selde singelen nesten ein million eksemplar og platedistributørane rapporterte òg om godt sal utafor R&B-marknaden,[5] mmen songen gjekk ikkje inn på poplista til Billboard.[13]

Ettermæle endre

«Lawdy Miss Clawdy» vart «årets R&B-song» for 1952 hos både Billboard og Cashbox og Price vart i Cashbox kåra til årets beste R&B-nykommar i 1952.[5] I 1995 vart songen med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[14] Forfattarane Dawson og Propes har omtalt «Lawdy Miss Clawdy» som ein av dei aller første rock and roll-songane.[7]

«Lawdy Miss Clawdy» «sette mønsteret for rock and roll-åra i New Orleans»[6] og suksessen til songen gjorde at mange forsøkte å etterlikne stilen. Ein forfattar skreiv at «ei stund høyrdest nesten alle nye R&B-songar frå New Orleans ut som 'Lawdy Miss Clawdy'».[7] I 1953 spelte songaren Tommy Ridgley, ein ven av Price som nesten spelte inn «Lawdy Miss Clawdy» først inn oppfølgjaren «Oh, Lawdy, My Baby».[7] I 1958 omarbeidde Larry Williams, som hadde vore tenar for Lloyd Price, songen til «Dizzy Miss Lizzy».[2]

Price-songen er òg blitt rekna som «ein av dei første rhythm and blues-songane som fekk merksemd hos kvite tenåringar i Sørstatane, blant dei Elvis Presley, som spelte inn sin eigen versjon fire år seinare»[15] og «vart ein fast song på repertoaret til lokale countryband».[7]

Andre innspelingar endre

Mange artistar har spelt inn sine eigne versjonar av «Lawdy Miss Clawdy».[16]

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Coleman, Rick (2006). Blue Monday: Fats Domino and the Lost Dawn of Rock 'n' Roll. Da Capo Press. s. 72–74. ISBN 978-0-306-81491-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits. Billboard Books. s. 49. ISBN 978-0-8230-7677-2. 
  3. Dawson, Propes 1992, s. 110.s.
  4. 4,0 4,1 Dahl, Bill. «Lawdy Miss Clawdy — Song Review». Allmusic. Rovi Corp. Henta 6. oktober 2013. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Broven, John (1978). Rhythm and Blues in New Orleans. Pelican Publishing. s. 37–38. ISBN 978-0-88289-433-1. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Marsh, Dave (1999). The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made. Da Capo Press. s. 306. ISBN 978-0-306-80901-9. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Dawson, Jim; Propes, Steve (1992). What Was the First Rock 'n' Roll Record?. Faber & Faber. s. 108–111. ISBN 0-571-12939-0. 
  8. According to Producer Bartholomew, «That triplet piano came from a guy out of California—Little Willie Littlefield». Hannush, Block 1991, s. 18.
  9. Ripani, Richard J. (2006). The New Blue Music: Changes in Rhythm & Blues, 1950–1999. University Press of Mississippi. s. 67. ISBN 978-1-57806-862-3. 
  10. Birnbaum, Larry (2012). Before Elvis: The Prehistory of Rock 'n' Roll. Scarecrow Press. s. 329. ISBN 978-0-8108-8629-2. 
  11. Hannusch, Jeff; Block, Adam (1991). «They Call Me the Fat Man ...» Antoine «Fats» Domino The Legendary Imperial Recordings. Fats Domino. Imperial/Capitol EMI Records. s. 17. E2-7-96784-2. 
  12. Dawson, Propes 1992, s. 63
  13. 13,0 13,1 13,2 Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 335. ISBN 0-89820-068-7. 
  14. «500 Songs That Shaped Rock and Roll». Exhibit Highlights. Rock and Roll Hall of Fame. 1995. Arkivert frå originalen 2. mai 2007. Henta 30. september 2016. 
  15. Hildebrand, Lee (1991). Superblues — All Time Classic Blues Hits, Vol. 2. Various artists. Stax Records. s. 1. SCD–8559–2. 
  16. «Lawdy Miss Clawdy — Song search results». Allmusic. Rovi Corp. Henta 30. september 2016.