Etterslag (engelsk backbeat eller back beat) er ei musikalsk rytmemønster i 4/4-takt der andre og fjerde slaget er kraftig markert,[2] i motsetnad til førslag (downbeat), der markeringa er på første og tredje slaget. Sidan fjerdeslaget kjem like før ein ny takt i 4/4-takt, vert uttrykket òg kalla oppslag (upbeat).[2]

Etterslag[1]

Døme endre

Ved å telje til fire fleire gonger i eit jamt tempo kan ein vise rytmemønsteret.

Utan å vektlegge nokre av slaga vert det ein monoton rytme.

  • 1 2 3 4 1 2 3 4

Ein kan variere med sterke og svake rytmar. Utheva skrift syner kva takt som er vektlagt.

  • 1 2 3 4 1 2 3 4 -- her er det «forventa» slaget vektlagt. høyr

Ein kan òg synkopere dette mønsteret og varierer trykket på odde og like taktar, og danne ein synkope:

  • 1 2 3 4 1 2 3 4 -- her er trykket på den «uventa» eller synoperte takten høyr

Historie og bruk endre

I dagens populærmusikk er det oftast skarptromma av trommene som vert nytta til å spele etterslaget[3] som fjerdedelsnotar på etterslaget eller den noko meir interessante:

 
Populært etterslagmønster på skarptromme[3] høyr

Fred Maddox frå Maddox Brothers and Rose var kjend for ein slap-bass-stil som la vekt på etterslag og som var medverkande til større endringar i popmusikken. Dette gav opphav til raskare rytmar som seinare utvikla seg til rockabilly, ei av dei tidlegaste formene for rock and roll.[4] Maddox brukte denne stilen så tidleg som i 1937.[5]

På songen «Roll 'em Pete» av Pete Johnson og Big Joe Turner frå 1938 kan ein høyre klapping på etterslaget. Eit tydleg etterslag kan ein òg høyre på «Back Beat Boogie» av Harry James and His Orchestra, spelt inn seint i 1939.[6] Andre tidlege døme på etterslag er siste verset i «Grand Slam» av Benny Goodman i 1942.

I midten av 1940-åra spelte «hillbilly-bandet» the Delmore Brothers boogie-songar med eit hardt etterslag, som «Freight Train Boogie» som nådde andre plass på salslisten i 1946.[7]

Vektlegginga på etterslaget dukka opp på rhythm and blues-innspelingar seint på 1940-talet og er ein av faktorane som definerer rock and roll og som vert nytta i nesten all popmusikk. Bossa nova er eit av unntaka. Trommeslagar Earl Palmer sa at den første innspelinga som ikkje hadde noko anna enn etterslag var «The Fat Man» av Fats Domino i 1949, som han spelte på. Palmer sa òg at han fanga stilen opp frå dei siste refrenga eller versa i dixieland-jazz. Sjølv om «The Fat Man» kan ha vore den første hitten med etterslag heile vegen gjennom, vart etterslaget vektlagt mykje tidlegare med klapping og tamburin i gospelmusikk.

Tidleg funkmusikk nytta ofte eit forseinka etterslag, for «å gje eit 'spark' til heile takten»:[8]

 
Forseinka etterslag (siste åttandelsnote i kvar takt) som i funk[8] spel

Kjelde endre

  1. "Introduction to the 'Chop'", Anger, Darol. Strad (0039-2049); 10/01/2006, Vol. 117 nr. 1398, s. 72-75.
  2. 2,0 2,1 «Backbeat» (på engelsk). Grove Music Online. 2007. Henta 10. februar 2007. 
  3. 3,0 3,1 Schroedl, Scott (2001). Play Drums Today!, s.11. Hal Leonard. ISBN 0-634-02185-0.
  4. NPR News Riding the Rails to Stardom - The Maddox Brothers and Rose
  5. Rockabillyhall om Maddox Rose, arkivert frå originalen 3. juli 2011, henta 9. september 2008 
  6. The Ultimate Jazz Archive - Set 17/42
  7. guitarsessions, arkivert frå originalen 7. oktober 2008, henta 9. september 2008 
  8. 8,0 8,1 Mattingly, Rick (2006). All About Drums, p.104. Hal Leonard. ISBN 1-4234-0818-7.