Lawrence Alma-Tadema

Lawrence Alma-Tadema (8. januar 183625. juni 1912) var ein nederlandsk-britisk kunstmålar fødd i Dronrijp i Nederland. Han vart mykje populær med sine idealiserte, detaljtru scener frå det antikke Hellas og Roma.

Lawrence Alma-Tadema

Statsborgarskap Belgia, Kongeriket Nederlanda, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 8. januar 1836
Dronrijp
Død

25. juni 1912 (76 år)
Wiesbaden

Yrke kunstmålar, biletkunstnar, illustratør
Språk engelsk, nederlandsk
Medlem av Royal Academy of Arts, Académie royale des sciences, des lettres et des beaux-arts de Belgique
Ektefelle Laura Theresa Alma-Tadema, [Marie] Pauline Gressin
Lawrence Alma-Tadema på Commons
Eit utsiktspunkt, 1895

Liv og gjerning endre

Alma-Tadema var son til ein jurist. Faren døydde allereie i 1840 og sonen voks sidan opp under ein formyndar. Seksten år gammal kom Alma-Tadema til Antwerpen, der han vart elev av Gustave Wappers på kunstakademiet i byen. Wappers fekk ordna det slik at han seinare også fekk gå i lære hos Henri Leys, ein målar som han etter kvart vart assistent for. Alma-Tadema assisterte i 1859 Ley med utsmykkinga av rådhuset i Antwerpen. Dei neste åra arbeidde Alma-Tadema som sjølvstendig kunstnar, samstundes som han tok læretimar hos Josephus Dyckmans.

I 1863 gifta Alma-Tadema seg i Antwerpen med ein fransk kvinne, Marie-Pauline Gressin Dumoulin, og budde saman med henne i Brussel til ho døydde i 1869. På ei utstilling på Paris-salongen i 1864 fekk han medalje for eitt av bileta sine. Også på verdsutstillinga i Paris i 1867 vart dei utstilte verka hans premiert.

Alma-Tadema slo seg ned i London i 1870 og vigde seg dei neste åra til historiemåleriet. Heile tida nytta han seg av motiv frå antikken. I bileta sine skildra han luksusen og dekadansen i det romerske imperiet. Figurane opptrer avslappa, nærast som kraftlause, i eit miljø med fabelaktig utstyrte marmorpalass eller mot eit blendande blått Middelhav eller ein blå himmel.

År 1876 vart Alma-Tadema assosiert medlem av Royal Academy of Arts. Allereie tre år seinare vart han tildelt fullt medlemskap i klubben. I høve dronning Victoria sin 81-årsdag i 1899 vart Alma-Tadema utnemnd til riddar.

Lawrence Alma-Tadema døydde i Wiesbaden sommaren 1912, og vart gravlagd i St. Paul-katedralen i London.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre