Lawrence Livermore National Laboratory
Lawrence Livermore National Laboratory (LLNL) er eit amerikansk nasjonalt laboratorium, ein tverrfagleg forskingsinstitusjon med nesten 10 000 tilknytte personar i forskjellige funksjonar. Forsking og utvikling går føre seg innan område som kjemi, fysikk, materialteknikk, biologi, matematikk, datateknikk og ingeniørfag. Laboratoriet skildrar seg sjølv som eit leiande forskings- og utviklingssenter for vitskap og teknologi brukt på område som omfattar nasjonal tryggleik. LLNL er saman med Los Alamos National Laboratory ein av to stader i USA der det går føre seg forsking og utvikling av atomvåpen.
Lawrence Livermore National Laboratory | |||
Skipa | 2. september 1952 | ||
---|---|---|---|
Tilsette | 8 968 | ||
Nettstad | http://www.llnl.gov |
Gjennom National Ignition Facility, som er lokalisert i Livermore, er laboratoriet sterkt engasjert i fusjonsforsking basert på tregleiksinnelukking, tungrekneteknikk og datatryggleik og forsking på isotopar.
LANL vart oppretta i 1952. Det sorterer under Energidepartementet og vert drive av University of California med eit årleg budsjett på rundt 10 milliardar kroner.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lawrence Livermore National Laboratory» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Lawrence Livermore National Laboratory – Offisiell nettstad