Lazzaro Spallanzani

Lazzaro Spallanzani (10. januar 172912. februar 1799) var ein italiensk naturvitskapsmann. Han blir rekna som den første som førte prov for at liv ikkje kan oppstå spontant, og han stod bak viktige framsteg i forståinga av fysiologien til dyr og menneske.

Lazzaro Spallanzani

Fødd12. januar 1729
Scandiano
Død12. februar 1799
Pavia
Områdebiologi
Yrkefysikar, naturvitar, universitetslærar, entomolog, botanikar
InstitusjonarUniversitetet i Pavia
Università degli Studi di Modena e Reggio Emilia
Alma materUniversitetet i Bologna
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Accademia delle Scienze di Torino

Spallanzani starta på jusstudiar ved universitetet i Bologna, men gjekk snart til naturvitskapen. Den berømte slektningen hans, Laura Bassi, var professor i fysikk, og under ho studerte han naturfilosofi og matematikk, samstundes som han også egna seg til språkstudiar.

Frå Dissertazioni di fisica animale e vegetabile, 1780

I ein alder av 25 år blei han utnemnd til professor i logikk, metafysikk og gresk ved universitetet i Reggio. I 1760 blei han overflytta til Modena, der han heldt fram med å undervise, samstundes som han nytta all si fritid på naturvitskaplege studiar. Han avslo fleire tilbod om professorat i Italia og i utlandet, til han fekk eit tilbod frå universitetet i Pavia om et professorat i naturhistorie. Han blei samstundes direktør for museet i byen, og utvida samlingane der med ting frå reisene sine rundt Middelhavet og til Tyrkia.

I 1788 vitja han Vesuv og vulkanane på Lipariøyane og Sicilia, og la seinare fram resultata i den store avhandlinga Viaggi alle due Sicilie ed 'in alcune parti dell' Apennine.

Ei av Spallanzanis store fortenester er at han viste at spontant liv ikkje er mogeleg, og han kasta seg med stor energi inn i debatten, som på den tida var intens. Gjennom forsøk som viste at mikrobar blei øydelagde ved koking, føregreip han arbeidet til Louis Pasteur hundre år seinare.

Spallanzani blir òg tillagt æra for å ha skildra reproduksjonen hos pattedyr, og han var den første som utførte ein kunstig inseminasjon, på ein hund.

Det største verket hans er Dissertationi de fisica animale e vegetale (1780). Her viste han mellom anna at meltinga ikkje berre er ei mekanisk oppdeling av føda, men i hovudsak ein kjemisk prosess som skjer i magesekken ved hjelp av magesyre.