Metafysikk (frå gamalgresk meta physiké, «etter» fysikken), er ein filosofisk faggrein som tek for seg emne det ikkje let seg gjera å føre vanlege vitskaplege prov for. Metafysikken drøftar emne som gud, sjel og liknande. Mykje av den metafysiske diskusjonen ligg nær teologien, men er i like stor grad knytt til høgare matematikk. I dag er ikkje metafysikk rekna som ein vitskap, og særleg i naturvitskaplege fagkrinsar har ordet ofte hatt nedsetjande tyding.

Fram til seint på 1800-talet vart metafysikken rekna som filosofisk disiplin i skjeringspunktet mellom Filosofi, kunst, religion og vitskap. Denne vart avskriven av Friedrich Nietzsche, som sette metafysikken på sidelina som tankeretning. Sidan den tid har mange filosofar stilt seg kritiske til metafysikken, mellom dei Husserl og Martin Heidegger. Karl Marx har og sett metafysikken utanfor sitt filosofiske prosjekt, slik at drøftinga av disiplinen nok stogga opp etter Hegel. Hans Georg Gadamer tek metafysikken meir på alvor, og set han inn i eit kanningsteoretisk perspektiv.

Omgrepet «Metafysikk» vart første gongen nytta av Aristoteles, som hadde skrive ei fysisk utgreiing (fysikken), og så tok på med eit tillegg, som han kalla «meta»-fysikk (etter fysikken, eller «det som følgjer med» fysikken).

Metafysikken drøfter ofte tilhøva mellom transcendens, sanning og eksistens.

Ei vidareutvikling av tanken om metafysikk kom i form av patafysikken seint på 1800-talet.

Sjå og Transcendens.

Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.