Le monde diplomatique Norden
Le monde diplomatique Norden (LMD) er ei norsk-dansk utgåve av den franske månadsavisa med same namn. Avisa har norsk (bokmål) som hovudspråk, og er rekna som radikal og anti-amerikansk. Ho er kjend for lange og djuptgåande artiklar innan emne som til dømes filosofi, politikk, kultur og media, men driv ikkje med dagsaktuell nyhendeformidling.
Le monde diplomatique Norden | |||
Type | Månadsavis | ||
---|---|---|---|
Format | Berliner | ||
Første trykk | April 2003 | ||
Språk | Bokmål og dansk (hovudsakleg bokmål) | ||
Eigarskap | ? | ||
Postnummer | PB 2034 Vika, 0125 | ||
Stad | Oslo | ||
Ansvarleg redaktør | Truls Lie (2006) | ||
Nettstad | Diplo.no |
Hovudsakleg inneheld avisa omsette artiklar frå franske Le monde diplomatique, men ein tredel av stoffet skal vere eigenprodusert av den norsk-danske redaksjonen.
Avisa vert distribuert i Noreg, Danmark og Sverige. Nordmannen Truls Lie har vore ansvarleg redaktør for avisa sidan den nordiske utgåva kom ut første gongen i april 2003. I 2006 skapte avisa kontroversar ved at akademikaren Emil André Røyrvik fekk publisere fleire artiklar som støtta konspirasjonsteoriar kring 11. september-åtaket.
I tillegg til å verte seld i laussal, får abbonentar av avisa Klassekampen avisa som vedlegg kvar månad (2006). Tidlegare har LMD hatt same avtalen med Morgenbladet.
Avisa har 45 systerpublikasjonar på skilde stader i verda, og av dei er den franske «moderavisa» Le monde diplomatique mest kjend.
Lenkjer ut/Kjelder
endre- Diplo.no Arkivert 2019-10-07 ved Wayback Machine. (offisiell nettstad)
- Dagensmedier.no: Klassekampen i samarbeid med Le monde diplomatique