Lefdal Elektromarked AS var ei norsk kjede som blant anna selde forbrukarelektronikk, kjøkken- og kvitevarer. Kjeda hadde 22 varehus i Noreg, i tillegg til ein nettbutikk og kundesenter.

Lefdal

Org.formAksjeselskap
Org.nr.976850742
BransjeForbrukarelektronikk
Skipa1936
LandNoreg
Nettstadhttps://lefdal.com (norsk)
Varehuset til Lefdal på Alnabru utanfor Oslo.

Lefdal hadde butikkar i Oslo-området, Drammen, Tromsø, Haugesund, Hamar, Fredrikstad, Sandnes, Trondheim, Bergen, Volda, Ulsteinvik, Ålesund, Molde, Kristiansand, Skien og Moss.[1]

Soge endre

Selskapet vart starta i 1936 med fyrste butikk på Bekkestua i Bærum, og i 1996 kjøpte Elkjøp Nordic varehandelsdelen av selskapet.[2] Lefdal heldt fram med å vera si eiga uavhengige eining.

Lefdal selde hushaldsprodukt, ljod- og bilete-produkt og data-/tele-produkt.

Oppkjøp endre

Lefdal vart kjøpt opp av britiske Dixons Group, som elles eigde Elkjøp Nordic AS. Lefdal vart likevel drive som eit sjølvstendig selskap med eigen administrasjon.

Etter tre år med eit samla underskot på nesten 30 millionar kroner, vart verksemda overført til Elkjøp frå og med den 15. januar 2018. Dei to kjedene hadde same eigarar, og hadde i fleire år samarbeidd om administrasjon og innkjøp.[3]

Kjelder endre

  1. «Om Lefdal» (på norsk bokmål). Lefdal. Henta 13. april 2023. 
  2. Solem, Lars Kristian (8. januar 2018), «Knallhard konkurranse – nå legges Lefdal ned», www.dn.no, henta 13. april 2023 
  3. «Nå blir denne elektronikk-kjeden historie», e24.no (på norsk bokmål), 8. januar 2018, henta 13. april 2023 

Bakgrunnsstoff endre