Drake i snor

(Omdirigert frå Leiketøyet drake)

Drake er ei menneskeskapt greie som kan flyga ved at ein held henne på stram line mot luftstraumar. Drakar kan brukast som leiker, til oppvisingar og tevlingar. Dei kan òg ha ulike nytteføremål som lyftereiskapar, til krigføring eller til vitskaplege eksperiment. Store drakar kan ha stort nok lyft til å lyfta menneske, og blei brukt til å utvikla dei første flygemaskinane.

Drake i snor i eit europeisk tresnitt frå 1600-talet.
Enkle drakar i Bangladesh. Dei er laga av lette stenger og silkepapir, og må vegast ned av steinar for ikkje å blåsast vekk.

Den typiske draken er ein tre- eller firkant laga av ei enkel ramme som er dekt med papir, tøy eller plast. Han har ofte pynta snorer eller slør hengande etter seg. Det er òg mogleg å laga større, meir innvikla drakar eller sigle ei rekkje av fleire drakar festa til éi snor. Snora som leier til jorda kan vera festa til eit stilleståande eller rørleg punkt.

Soge endre

 
Drakeflyging i eit tresnitt av Suzuki Harunobu frå 1766.
 
Kinesisk drake med hovud og fleire haledrakar på ei snor.

Drakar spreidde seg til resten av verda frå Kina, der dei blei brukte for nær tre tusen år sidan. Kinesarane hadde lette materiale som silke og bambus. Første gongen ein papirdrake er nemnd er i 549. Drakar blei brukte til å måla vind og avstander, til signalgjeving og kommunikasjon under krigføring, og til å løfta menn.

Drakar laga av lauv av ei anna utforming enn dei kinesiske drakane har også vore i bruk i Søraust-Asia og Oseania i svært lang tid, til dømes til drakefiske. Det er gjort framlegg om at desse kan ha oppstått uavhengig frå, kanskje til og med før dei kinesiske.

Ulike drakar av kinesisk mønster spreidde seg over resten av Asia. Ein lett og lettstyrt draketype brukt i drakekamp blei populær i Japan og Sør-Asia, ein skikk som framleis er halden i hevd. Drakane nådde Nord-Afrika, og kom til Europa på 1600-talet. Her var dei hovudsakleg rekna som ei barneleike, men frå 1700-talet blei det utført fleire vitskaplege eksperiment med drakar.

 
Teiking av Cayley sin flygemaskin, som tok utgangspunkt i ein drake.

Bruk i vitskap og teknologi endre

I 1749 brukte skotten Alexander Wilson ei line med fleire drakar til å måla temperaturen ved ulike høgder i atmosfæren. I 1750 føreslo Benjamin Franklin at ein drake kunne brukast til å avleia elektrisitet frå lyn, og i 1752 utførte Thomas-François Dalibard forsøket. Dette førte til oppfinninga av lynavleiaren. I 1853 blei ein drake tilverka av britiske George Cayley brukt til å løfta ein mann. Dette var den første flygemaskinen som ikkje bygde på ballongprinsippet, og førte til utviklinga av fly med stive vengjer.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Drake i snor