Leinøya

(Omdirigert frå Leinøy)
Leinøya
Geografi
Norway - Leinøya.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°20′53″N 05°42′40″EKoordinatar: 62°20′53″N 05°42′40″E

Areal 14,4 km²

Høgaste punkt Leinehornet (365 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 1444 (2012)
Folketettleik 100 /km²

Leinøy er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Det opphavlege namnet frå gammalt av er Bølandet, men Leinøy vert nytta i daglegtale.

Det høgaste punktet på øya er Leinehornet på 365 meter over havet. Øya har eit areal på 14,4 km². Innbyggjartalet var 1 444 per 01.01.2012.

Leinøy er knytt med bruer til Bergsøya, Remøya og Nautøya.

Torvika på austsida av øya er fast stoppestad for hurtigruta.