Leirpoll
stad i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland fylke
61°19′17.210″N 5°20′00.661″E / 61.32144722°N 5.33351694°E
|
Leirpoll er ein stad i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Staden blir kalla Pollen i dagleg tale. Han ligg på sørvestsida av Flekkefjorden, langs Riksveg 607. Tunet ligg 20 moh.
Namnet
endreTidlegare namneformer har vore:
- Polden
- Leerpold
- Lerpold
Namnet kjem av gammalnorsk «pollr». Poll er ei vik med smalt innlaup. I den sterke norskdomperioden i mellomkrigstida tok ein til å skrive gardsnamnet og etternamnet Leirpoll.
Litt gardssoge
endreDen fyrste busitjaren som er nemnd etter 1742 er Hans Ellingsen.
Jeremias Klementson, Rivedal kjøpte garden i 1850. Han kom frå Rivedal. Han tok etternamnet Lerpold.