Leitzaran eller Leizaran er ei elv og ein dal i Baskarland i Spania. Ho er ei av sideelvane til Oria frå høgre.

Leitzaran
elv
Akvedukt over Leitzaran i Ameraun
Land  Spania
Nedslagsfelt 124,02 km²
Lengd 42 km
Middelvassføring 2,88 /s
Kjelde Leitza
 - høgd 600 moh.
Munning Oria
 - høgd 92 moh.
Wikimedia Commons: Leitzaran River

Leitzaran har kjelde i kommunen Leitza i Navarra og er 42 km lang. Ho renn inn i Guipuscoa ved Urto. Elva drenerer kommunane Areso, Berastegi, Elduain, Villabona, Urnieta og Andoain og har eit nedslagsfelt på 124,02 km², der 69,72 km² av dette høyrer til Guipuscoa.

Valle de Leizaran endre

I Gipuzkoa vert nedslagsfeltet hennar kalla Valle de Leizaran (Leitzarandalen) og er stort sett forma av Macizo de Cinco Villas, som hovudsakleg er skifer og kalkstein frå karbontida. Leitzaran er meanderande.

Verna biotop endre

Breidda av Leitzaran og sideelvane Ubaran (Ubane) og Malo har vore ein verna biotop sidan 29. september 1995. Det totale arealet 0,74 km². Det finst ingen busetnader i dette området, men likevel mange spor etter menneske frå førhistorisk tid.

Industri endre

Utanfor dei verna områda finn ein noko industri, mellom anna masomnar som har nytta seg av elva. I sjølve dalen finst mineral. Tidlegare har det vore vassmøller i drift ved elva og det finst i dag eit par små vasskraftverk.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.