Lemming eller lamming er fødsel hjå sau. Lemmingstida er ei kritisk tid både for sauen og for dei nyfødde lamma. God røkt i lammingstida er derfor avgjerande for produksjonen i sauehaldet.

Cheviot-sau med nyfødde trillingar.
Foto: Donald Macleod

Tamsau har normalt eit fostertal på 1 til 3 lam, men kan i nokre høve få opptil 6 lam. Fostertida er på 142–154 dagar, avhengig av rase. Norsk kvit sau går drektig 148 dagar. Lemmingstida er oftast i april månad.

Ved å kontrollere kva tid paring finn stad er det dermed mogleg å tidfeste lemminga ganske nøyaktig. Lam fødde tidleg på vinteren krev ekstra fôr og ly, men blir større tidlegare og kan gje betre kjøtprisar. Lam fødde seinare kan sleppast rett ut på beite. Innandørs lemming krev bygg, fôr og tilsyn, og kan gje auka smittefare for sjukdom. Utandørs lemming er billigare og mindre arbeidskrevjande, men medfører auka fare for nedkjøling og rovdyråtak.

Uassistert lemming. Lammet har rett presentasjon med hovud og framføter først.

Skildring endre

Sauer kan vise ulike teikn på at dei snart skal lemme. Nokre viser ingen teikn. Andre kan slutta å eta eller gå litt vekk frå flokken. Jura blir større ein dag eller to før fødselen, og magen med lammet kan falla. Under sjølve fødselen kan sauen grava litt på bakken, som for å laga eit reir, gå rastlaust rundt, leggja seg og stå opp att og liknande. Etterkvart kan ein sjå veene. Sauen kan no mekra mykje, skjera tenner og kikka rett oppover.

Dei fleste sauer kan lemme åleine utan problem, men det finst også fleire ulike fødselsvanskar som krev menneskehjelp. Særleg i moderne, særs produktive sauerasar kan store eller mange lam medføra problem. Om lammet ikkje ligg rett, med hovudet og framføtene vend utover, kan det sitje fast slik at ein hjelpar må snu det.

I løpet av dei første timane må det nyfødde lammet drikke råmjølk for å få viktig næring og motstandskraft, og seinare er det avhengig av hyppig diing for å halde temperaturen og vekse. Lam må derfor halde seg tett til mora, og det er viktig å stadfeste morsbandet i tida etter fødselen. Sauen slikkar lammet like etter fødselen. Dette gjer at lammet livnar til, og hjå sauen startar mjølkeproduksjonen og påskundar vear for å føde morkaka og eventuelle fleire lam.

Lemming hos villsau endre

 
Færøysk søye slikkar lammet sitt like etter lemming utandørs.

Før lemmingstida om våren deler saueflokken seg i mindre flokkar. Vêrane vert støytte ut og går i ein flokk for seg sjølv. Like før han skal lemme, trekker sauen seg unna dei andre sauene, og finn ein lun og gjerne solvendt plass under ein busk eller bak ein stein, der lemminga skjer. Mora går ikkje attende til flokken før lammet eller lamma kjenner mora godt. Dette forhindrar mellom anna at leiarsauen tek til seg lammet, noko det kan vere fare for, om han ikkje har lam sjølv. Når lammet er nokre dagar gammalt, greier det godt å følgje flokken, også i ulendt terreng.

Sau som parar seg for tidleg på vinteren, slik at lemminga kjem for tidleg på vårvinteren, kan miste lamma. Sauer som har denne vanen, bør sorterast ut i avlen.[1]

Lemming med menneskehjelp endre

 
Bluefaced leicester med trillinglam i innandørs innhegning med varmelampe.

I tida rundt lemminga vert sauen gjerne plassert i ein garde for seg sjølv. Dette kan skje før, under eller like etter fødselen. Om det er plass, kan ein plassera ein sau som skal lemme i ein garde før, men i større flokkar er det vanleg å samla sauene som ventar lam i større innhegningar og først skilje dei ut etter lemminga.

Menneske kan ofte vera til stades for å sjå til at alt er i orden med lemminga, og gripa inn om noko ikkje er det. Om lammet ikkje pustar kan ein til dømes kitla naseboret med strå, svinga lammet forsiktig i lufta etter bakføtene, eller prøva kunstig gjenoppliving eller medisin. Navlestrengen kan ein klippa av eller dra forsiktig sund; seinare blir såret reinsa med jod eller liknande. Av andre inngrep kan ein tidvis ønska å varma kalde lam. Samstundes bør ein ikkje handtera lamma for mykje, men gje sauen høve til å binda seg til dei så snart som mogleg.

Om sauen får fleire enn to lam kan han ha problem med å gje alle nok mjølk, ettersom han berre har to spenar. Ein sauebonde kan prøve å gje ekstra lam til ei fostermor som har eitt lam, eller har mista lamma sina. Om det ikkje går kan dei takast som kopplam som får mjølkeerstatting på flaske.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Lars Erling Horgen om Gamalnorsk sau – "Villsau", arkivert frå originalen 14. februar 2010, henta 18. februar 2010 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lemming
  Denne landbruksartikkelen som har med dyr å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.