Lene Ask (fødd 4. august 1974) er ein norsk fotograf, illustratør, teikneserieskapar og forfattar.

Lene Ask
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1974 (49 år)
Yrke illustratør, teikneserieskapar, tegneserietegner, skribent
Språk norsk

Ho er utdanna frå Kunsthøgskulen i Bergen, Universitetet i Praha, Universitetet i Bergen og Rogaland kunstskole.

Ask debuterte med teikneserieromanen Hitler, Jesus og farfar om ei ung jente frå sørvestlandet som reiser til Tyskland på jakt etter ein farfar som ho aldri har møtt. Ho vann Sproingprisens debutpris og Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris 2006 for denne. Boka vart òg vald til Stavanger bibliotek sitt leseprosjekt Hele Rogaland leser i 2011 og trykket opp i 50 000 eksemplar.

Teikneserieboka Kjære Rikard (2014) vart til etter at Ask fann ei brevsamling i Misjonsarkivet i Stavanger. Med utgangspunkt i breva fortel ho den sanne historia om Rikard Jakobsen, misjonærsonen som vart fødd på Madagaskar i 1875.[1]

I tillegg til å illustrera eigne bøker har ho òg illustrert dei til andre, blant anna bøkane av Andrea Bræin Hovig, om Ville Wilma.

Ho har fleire høve vore gjest på Raptus teikneseriefestival, seinast i 2014.

Bibliografi endre

  • 2006: Hitler, Jesus og farfar – teikneserieroman, Jippi forlag
  • 2008: Familien Rotle flytter – biletbok, Gyldendal
  • 2009: Da jeg reddet verden – historier for vaksne i teikneserieformat, Jippi forlag
  • 2009: Familien Rotle på museum – biletbok, Gyldendal
  • 2010: Familien Rotle besøker mormor – biletbok, Gyldendal
  • 2011: Jo og Jenny i svømmehallen – biletbok, Gyldendal
  • 2012: Neste gang blir alt riktig – teikneserieroman, Jippi forlag
  • 2012: Jo og Jenny på sykehuset – biletbok, Gyldendal
  • 2013: Jo og Jenny feirer bursdag – biletbok, Gyldendal
  • 2014: Jo får en venn – biletbok, Gyldendal
  • 2014: Kjære Rikard – teikneserieroman, No Comprendo Press
  • 2015: D for tiger – barnebok, med Mari Kanstad Johnsen, Gyldendal
  • 2016: Det hjelper ikke å blunke – ungdomsroman, Gyldendal
  • 2016: Du – ordlaus biletbok, Gyldendal
  • 2017: Det du ikke sier, er sant – ungdomsbok, Gyldendal
  • 2019: Usynlige sammen – ungdomsbok, Gyldendal

Referansar endre

  1. Lene Ask. «Kjære Rikard». No Comprendo Press (2014) (på norsk). Arkivert frå originalen 18. september 2017. Henta 8. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff endre