Lene E. Westerås

Lene E. Westerås (fødd 9. oktober 1969)[1] er ein norsk skjønnlitterær forfattar, omsetjar og sakprosaforfattar.

Lene E. Westerås
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1969 (54 år)
Yrke Forfattar, omsetjar
Periode 2010-
Debut Vilja på handletur

Ho debuterte i 2010 med biletboka Vilja på handletur[2], og i 2011 kom diktsamlinga Elefantens sorgdeport.

Westerås har teke forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø.[3] Ho er busett i Tromsø.[4] I 2007 og 2008 var ho styreleiar for Nordnorsk Forfatterlag og ho var styreleiar for litteraturfestivalen Ordkalotten frå 2008 til 2010.[4] Frå 2005 til 2010 var ho medredaktør i det litterære tidsskriftet Kuiper[5], som ho også var med og stifta.[4] Ho var styreleiar for foreininga Litteraturhus Nord 2009-2014. Ho har medverka i ei rekkje antologiar[6] og gjendikta poesi av den engelskspråklege indiske forfattaren Anjum Hasan til norsk.[7] Ho var redaktør og medforfattar i Palestinakomiteen si 40-års jubiluemsbok, Med håpet som våpen, i 2009.[8] Dei siste åra har ho jobba mykje i Libanon, i palestinske flyktningleirar med Workshops in Creative Writing.

Bøker endre

  • 2010 – Vilja på handletur – Biletbok, illustrert av Akin Düzakin
  • 2011 – Elefantens sorgdepot – Diktsamling
  • 2012 – Jalvar Yang og den uforunderlige dagen – Biletbok, illustrert av Jens Kristensen
  • 2014 – Jalvar Yang og elefanten med de røde ørene – Biletbok, illustrert av Jens Kristensen

Gjendiktingar endre

  • 2011 – Anjum Hasan: Gata på toppen av en ås – Gjendikta frå engelsk

Andre bøker endre

2009 – Med håpet som våpen – Medredaktør og forfattar

2014 – Amiras palestinske kjøkken – Fotograf, forfattar er Sylvi Inez Liljegren

Referansar endre

  1. ««Lene E. Westerås»». forfatterkatalogen.no. Henta 3. april 2012. 
  2. Linn T. Sunne (30. september 2010). ««Tre bildebokforfatterdebutanter: Vilja på handletur, Søppel og Mormor i speilet»». barnebokkritikk.no. Henta 3. april 2012. 
  3. Tore Høgås (26. november 2002). ««Tromsøpoet med Alibi: Lene E. Westerås»». tromsoby.no. Henta 3. april 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 ««Lene E. Westerås»». Nettstaden til forlaget Margbok. Henta 3. april 2012. 
  5. Thomas Berg (1. august 2008). ««Alt er collage»». morgenbladet.no. Henta 9. april 2012. 
  6. ««Lene E. Westerås»». Litteraturnett Nord-Norge. Henta 3. april 2012. 
  7. ««Gata på toppen av en ås»». Nettstaden til forlaget Margbok. Henta 3. april 2012. 
  8. ««Med håpet som våpen»». Nettstaden til forlaget Margbok. Henta 9. april 2012. 

Bakgrunnsstoff endre