Lenz-lova
Lenz-lova er ein regel i elektrisitetslæra som seier at når det induserast ein elektrisk straum i ein leiar, har straumen alltid ein slik retning at verknadene av han vil motverke årsaka til at straumen vart indusert. Om induksjonsen til dømes kjem av rørsla av ein magnetpol i nærleiken av ein leiar, så vil straumen som blir indusert i leiaren, skape eit magnetisk kraftfelt med retning slik at det motverkar rørsla av magnetpolen.
Lenz-lova kjem av Le Chatelier-prinsippet og gjev uttrykk for stabiliteten i naturen. Lova vart først formulert av den russiske fysikaren Heinrich Lenz (1804–65).
Lenz-lova er synt med minusteiknet i Faradays induksjonslov, som indikerer at den induserte emfen () og endringa i den magnetiske fluksen () har motsett forteikn.[1]
Kjelder
endre- ↑ Giancoli, Douglas C. (1998). Physics: principles with applications (5th utg.). s. 624.
- «Lenz'_lov» i Store norske leksikon, snl.no.