Faradays induksjonslov
Faradays induksjonslov er ei lov oppdaga i 1831 av Michael Faraday.
Ho seier at når den magnetiske fluksen (mengda magnetiske induksjonslinjer) gjennom ein straumkrins vert endra, blir det i krinsen indusert ein elektromotorisk spenning som er proporsjonal med den farten fluksen endrar seg med, det vil sei endring per tidseining av mengder induksjonslinjer gjennom krinsen.
Dette er eit grunnleggande prinsipp i transformatorar, induktorar og mange typar elektriske motorar og generatorar.[1]
Matematisk skildring
endreder er elektromotorisk spenning (den induserte spenninga), er endring i magnetisk fluks og er endring i tid.
Lova seier altså at total elektromotorisk spenning indusert i ein spole med éi vinding i eit magnetisk felt er lik minus endringa i magnetisk fluks gjennom ein spole, delt på endring i tid. Dersom spolen har meir enn éi vinding, gangast uttrykket med talet på vindingar, altså
der N er mengda vindingar.
Notasjon
endreEin meir formell måte å skrive Faradaylova på ser slik ut:
som følgje av at definisjonen av elektromotorisk spenning er:
Denne kan igjen omskrivast ved hjelp av Stoketeoremet til forma:
Det er ofte denne siste forma ein møter på når ein ser omtalt dei fire maxwell-likningane.
Kjelder
endre- Faradays lovar. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Faradays_lover
- Delar av denne artikkelen bygger på «Faraday's law of induction» frå Wikipedia på engelsk, og «Faradays lov» frå Wikipedia på bokmål den 3. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sadiku, M. N. O. (2007). Elements of Electromagnetics (fourth utg.). New York (USA)/Oxford (UK): Oxford University Press. s. 386. ISBN 0-19-530048-3.