Leon Pendarvis
Leroy Leon Pendarvis (fødd 1945) er ein amerikansk studiomusikar. Han speler klaverinstrument og han har arbeidd som korvokalist. Han har stundom òg vore gitarist. Pendarvis har gjennom åra spelt med Bonnie Raitt på hennar Streetlights i 1974, Van McCoy på albumet Disco Baby i 1975, Barbra Streisand på Songbird i 1978, Eric Clapton på August i 1986, Don Johnson på Let It Roll i 1989, Avril Lavigne på Keep Holding On i 2007, og mange fleire. Han var ein gong medlem av gruppa Passion. Han er òg musikalsk direktør og dirigent på Saturday Night Live. Sidan 1986 har han vore medlem av The Blues Brothers.[1]
Leon Pendarvis | |||
Fødd | 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Leroy Leon Pendarvis | ||
Instrument | Piano, orgel, bassgitar, gitar | ||
Tilknytte artistar | Saturday Night Live Band | ||
Verka som | Musikar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Leon Pendarvis» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: