August av Eric Clapton
August Studioalbum av Eric Clapton | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. november 1986 (Storbritannia) | |
Innspelt | April – mai 1986 | |
Sjanger | Rock, poprock, funkrock, new wave | |
Lengd | 55:31 | |
Selskap | Duck / Warner Bros. | |
Produsent | Eric Clapton, Phil Collins, Tom Dowd | |
Eric Clapton-kronologi | ||
---|---|---|
Edge of Darkness (1985) |
August | The Cream of Eric Clapton (1987)
|
August er eit album frå 1986 av Eric Clapton. Det hovudsakleg produsert av Phil Collins i lag med Tom Dowd og vart ein av dei bestseljande albuma til Clapton.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Kerrang! | [2] |
Rolling Stone | negativ[3] |
Av songane er den Dowd/Clapton-produserte signaturlåten «It's in the Way That You Use It» (skriven i lag med Robbie Robertson), som vart nytta i Paul Newman-Tom Cruise-filmen The Color of Money, og som nådde førsteplassen på Mainstream Rock Tracks-lista i USA. Andre songar er tre Collins-produserte songar, den horn-baserte «Run» og dei gitartunge «Tearing Us Apart» med Tina Turner og «Miss You».
Det einaste hitten frå albumet i Storbritannia, «Behind the Mask», vart spelt inn etter forslag frå Greg Phillinganes. Soga er at då produsenten Quincy Jones høyrte Yellow Magic Orchestra sin orirignalversjon av songen kring 1980-1982, så likte han songen så godt at han og Michael Jackson spelte inn si eiga utgåva av han med ny tekst under innspelinga til Jackson av Thriller. Songen kom aldri med på Thriller, men Phillinganes, som på den tida spelte keyboard for Jackson, spelte seinare inn si eiga utgåve av songen på albumet Pulse i 1984, som liknar versjonen Clapton spelte inn for August.
Studiobandet til Clapton omfatta trommeslagar/vokalist Collins; bassist Nathan East og klaverspelar Greg Phillinganes; saksofonist Michael Brecker, trompetistane Randy Brecker og Jon Faddis, og trombonist Dave Bargeron.
August svinga mellom soul/popen til Collins og blues/rocken til Clapton og stadfesta comebacket til Clapton. Albumet nådde 12. plass på albumlista i Noreg.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «It's in the Way That You Use It» | Eric Clapton/Robbie Robertson | 4:11 |
2. | «Run» | Lamont Dozier | 3:39 |
3. | «Tearing Us Apart» | Clapton/Greg Phillinganes | 4:15 |
4. | «Bad Influence» | Robert Cray/Michael Vannice | 5:09 |
5. | «Walk Away» | Richard Feldman/Marcella Detroit | 3:52 |
6. | «Hung Up on Your Love» | Dozier | 3:53 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Take a Chance» | Clapton/Nathan East/Phillinganes | 4:54 |
8. | «Hold on» | Clapton/Phil Collins | 4:56 |
9. | «Miss You» | Clapton/Bobby Columby/Phillinganes | 5:06 |
10. | «Holy Mother» | Stephen Bishop/Clapton | 4:55 |
11. | «Behind the Mask» | Chris Mosdell/Ryuichi Sakamoto/Michael Jackson | 4:47 |
12. | «Grand Illusion» | Bob Farrell/Dave Robbins/Wesly Stephenson | 6:23 |
Medverkande
endre- Eric Clapton - gitar, vokal
- Phil Collins - trommer, perkusjon, korvokal
- Tina Turner - vokal (spor 3), korvokal (spor 8)
- Nathan East - bassgitar
- Henry Spinetti - trommer (spor 1)
- Michael Brecker - saksofon (spor 2, 4, 6, 7 & 9)
- Jon Faddis - trompet (spor 2, 4, 6, 7 & 9)
- Gary Brooker - klaverinstrument og vokal (spor 1)
- Leon Pendarvis - hornarrangement
- Greg Phillinganes - klaverinstrument og vokal
- Richard Feldman - klaverinstrument (spor 5)
- Laurence Cottle - bass (spor 1)
- Dave Bargeron - trombone (spor 2, 4, 6, 7 & 9)
- Randy Brecker - trompet (spor 2, 4, 6, 7 & 9)
- Richard Cottle - synthesizer (spor 1)
- Katie Kissoon - korvokal (spor 7, 10 & 11)
- Magic Moreno - korvokal (spor 7), lydteknikar
- Tessa Niles - korvokal (spor 7, 10 & 11)
Salslister
endreVekeslister
endreListe (1986–87) | Plassering |
---|---|
Den kanadiske albumlista (RPM)[4] | 40 |
Nederlandske album (MegaCharts)[5] | 29 |
Den europeiske albumlista (IFPI)[6] | 10 |
Tyske album (Media Control)[7] | 32 |
Italian Albums (AFI)[6] | 17 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[8] | 38 |
Norske album (VG-lista)[9] | 12 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[10] | 7 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[11] | 23 |
Britiske album (OCC)[12] | 3 |
US Billboard 200[13] | 37 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[14] | Platina | 300 000^ |
USA (RIAA)[15] | Gull | 500 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Singlar
endreÅr | Singel | Liste | Plassering[16] |
---|---|---|---|
1986 | «It's in the Way That You Use It» | Mainstream Rock Tracks | 1 |
1986 | «Tearing Us Apart» | Mainstream Rock Tracks | 5 |
1987 | «Miss You» | Mainstream Rock Tracks | 9 |
1987 | «Run» | Mainstream Rock Tracks | 21 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «August (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
- ↑ Ruhlmann, William. «Eric Clapton August review». AllMusic. Henta 17. juni 2018.
- ↑ Putterford, Mark (11. desember 1986). «Eric Clapton 'August'». Kerrang! 135. London, UK: United Magazines ltd. s. 18.
- ↑ DeCurtis, Anthony (12. februar 1987). «Eric Clapton August». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 29. august 2017. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «RPM Top 100 Albums/CDs». RPM Magazine (Library and Archives Canada) 45. 28. februar 1987. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – August". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ 6,0 6,1 «Hits of the World» (PDF). Billboard Magazine. Nielsen Business Media, Inc. 7. mars 1987. s. 72. ISSN 0006-2510. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton - August". Charts.de. Media Control. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – August". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – August". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – August". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – August". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "14-02-1987 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 17. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton Album & Song Chart History" Billboard 200 for Eric Clapton. Prometheus Global Media. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «British album salstrofé – Eric Clapton – August». British Phonographic Industry. Henta 25. juli 2016. Enter August in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Eric Clapton – August». Recording Industry Association of America. Henta 5. oktober 2016. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ «August – Eric Clapton : Awards : AllMusic». AllMusic. Henta 16. oktober 2012.