The Blues Brothers
- Denne artikkelen handlar om bandet. For filmen, sjå Filmen The Blues Brothers.
The Blues Brothers er eit amerikansk blues- og soul-band som vart grunnlagt i 1978 av komikarane Dan Aykroyd og John Belushi som del av ein musikalsk sketsj på fjernsynsprogrammet Saturday Night Live. Belushi og Aykroyd var frontfigurane i bandet i rollene som hovudvokalist «Joliet» Jake Blues og munnspelspelar/vokalist Elwood Blues. Resten av bandet bestod av velkjende og respekterte musikarar. Dei debuterte som musikalske gjester i TV-showet den 22. april 1978. Dei opna showet ved å framføra «Soul Man» og seinare «Hey Bartender».[1]
The Blues Brothers | |||
| |||
Opphav | Chicago, Illinois, USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1978-i dag | ||
Sjanger | Blues-rock, blues, rhythm and blues. | ||
Plateselskap | Atlantic |
Bandet strekte seg snart utover rammene i fjernsynet. I november 1978 sleppte dei albumet Briefcase Full of Blues, nyttårsaftan 1978 varma dei opp for Grateful Dead på Winterland Arena i San Francisco og i 1980 vart filmen The Blues Brothers produsert.
Etter at Belushi døydde i 1982, heldt the Blues Brothers fram med å opptre med ei rekkje ulike gjestesongarar og andre bandmedlemmer. Bandet samla seg igjen i 1988 for å reisa på verdsturné, og i 1998 gav dei ut oppfølgjarfilmen Blues Brothers 2000.
Bandmedlemmer
endreOpphavlege medlemmer
endre(Ikkje alle medlemmene her var med i filmen frå 1980).
- «Joliet» Jake E. Blues – vokal
- Elwood J. Blues – munnspel, vokal
- Steve «The Colonel» Cropper – gitar, rytmegitar
- Donald «Duck» Dunn – bassgitar
- Murphy Dunne – keyboard, tamburin
- Willie «Too Big» Hall – trommer, perkusjon
- Steve «Getdwa» Jordan – trommer, perkusjon
- Birch «Crimson Slide» Johnson - trombone
- Tom «Bones» Malone – trombone, trompet, saksofon
- «Blue» Lou Marini – saksofon
- Matt «Guitar» Murphy – gitar og rytmegitar
- Alan «Mr. Fabulous» Rubin – trompet
- Paul «The Shiv» Shaffer – keyboard, arrangør
- Tom «Triple Scale» Scott – saksofon
Andre medlemmer
endre- Jim Belushi (som «Brother» Zee Blues) – vokal
- John Goodman (som «Mighty Mack» McTeer) – vokal
- Buster Blues – munnspel, vokal (spelt av J. Evan Bonifant i Blues Brothers 2000, munnspelet vart spelt av John Popper)
- Joe Morton (som Cabel «Cab» Chamberlain) - vokal
- Cab Calloway – vokal[2]
- Larry «T» Thurston – vokal
- Eddie «Knock on Wood» Floyd – vokal
- Sam «Soul Man» Moore - vokal
- Bobby «Sweet Soul» Harden - vokal
- Tommy «Pipes» McDonnell – munnspel, vokal
- Rob «The Honeydripper» Paparozzi – munnspel, vokal
- Leon «The Lion» Pendarvis – piano, vokal, arrangør
- Danny «G-Force» Gottlieb – trommer
- Jimmy «Jimmy B» Biggins – saksofon
- Anthony «Rusty» Cloud – keyboard
- Birch «Crimson Slide» Johnson – trombone
- Eric «The Red» Udel – bass
- John «Smokin» Tropea – gitar
- Lee «Funky Time» Finkelstein – trommer
- Steve Potts – trommer
- Anton Fig - trommer
- Larry «Trombonius Maximus» Farrell – trombone
- Alto Reed - saksofon
- Jonny «The Rock & Roll Doctor» Rosch - vokal, munnspel
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Blues Brothers» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2018.
Fotnotar
endre- ↑ «Facebook». Blues Brothers Central. Arkivert frå originalen 1. april 2016. Henta 5. januar 2017.
- ↑ [1]