Leonora Colmor Jepsen

Leonora Colmor Jepsen (fødd 3. oktober 1998), kjend under artistnamnet Leonora, er ein dansk songar og låtskrivar fødd i Hellerup. Ho vann Dansk Melodi Grand Prix 2019 med songen «Love is Forever» representerte dimed Danmark i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

Leonora Colmor Jepsen
Leonora at the Danish Melodi Grand Prix 2019 (cropped).jpg
Fødd3. oktober 1998 (22 år)
FødestadHellerup
OpphavDanmark
Aktiv2018–
Sjangerpop
Verka somsongar, kunstløpar, isdanser

I «Love is Forever» song ho på fire språk: engelsk, fransk, tysk og dansk.[1][2]

Leonora hadde tidlegare vunne det danske juniormeisterskapet i kunstløp tre gongar. Ho har òg delteke i nordiske meisterskapar og i junior-VM i kunstløp.[3]

ReferansarEndra

  1. Jens Grønbech (31. januar 2019). «Leonora Love Is Forever». Dr.dk. Henta 23. februar 2019. 
  2. Jens Grønbech, Ida Skriver Olesen (31. januar 2019). «Find din favorit: Hør alle sangene til Dansk Melodi Grand Prix allerede nu». Dr.dk. Henta 23. februar 2019. 
  3. «Leonora is Denmark's hopeful for Tel Aviv!». eurovision.tv. Henta 24. februar 2019.