Lev Feliksovitsj Lagorio (16. juni 182817. november 1905) var ein russisk målar, kjend for sine marinemåleri.

Lev Lagorio

Fødenamn Лев Феликсович Лагорио
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 17. november 1827, 16. juni 1827
Feodosia
Død

9. desember 1905 (78 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, akvarellmaler
Lev Lagorio på Commons

Liv og gjerning endre

Lagorio var fødd i Feodosija (i dagens Ukraina). Han studerte målekunst ved St. Petersburgs kunstakademi i St. Petersburg. Lærarane hans var Maksim Vorobjev og B. P. Villeval'de. Medan han budde i Feodosija vart han påverka av målaren Ivan Ajvazovskij. I 1845 la Lagorio ut på ei sjøreise med krigsskipet Groziasjtsij for å lære seg korleis skip var oppbygt.

Lagorio budde åtte år i Italia. Bileta han laga der gav han status som professor ved heimkomsten til Russland.

I sine seinare år måla han kystmotiv frå Finland og Noreg. Han måla og verk med motiv frå den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878.

Lagorio sine verk er tilgjengelege for allmenta i Tretjakovgalleriet i Moskva.

Verk i utval endre

Kjelder endre