Feodosia
Feodosia (ukrainsk Феодо́сія; russisk Феодо́сия, gresk Θεοδοσία, Theodosía) er ein hamne- og ferieby på Krimhalvøya i Ukraina ved kysten av Svartehavet. Gjennom mykje av historia si har byen vore kjend som Caffa (ligurisk: Cafà) eller Kaffa (krimtatarisk: Kefe). Byen har litt over 100 000 innbyggjarar (2011).
Feodosia | |||
Феодосія, Kefe | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Region | Krimhalvøya | ||
Høgd | 50 moh. | ||
Koordinatar | 45°2′56″N 35°22′45″E / 45.04889°N 35.37917°E | ||
Areal | 35 km² | ||
Folketal | 105 264 (2011) | ||
Folketettleik | 3 008 / km² | ||
Grunnlagd | 500-talet fvt. | ||
• Bystatus | 1787 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 98100 — 98175 | ||
Retningsnummer | +380-6562 | ||
Tidlegare namn | Kefe (fram til 1784), Caffa (fram til 1400-talet) | ||
Feodosia 45°02′56″N 35°22′45″E / 45.048888888889°N 35.379166666667°E | |||
Kart som viser Feodosia.
| |||
Wikimedia Commons: Feodosia |
Administrativt høyrer til byen og omlandet Feodosia kommune. Viktige næringar er turisme, fiske, bryggjing og konserveringsindustri.
Historie
endreFeodosia vart bygt på 500-talet f.Kr. av joniske greske kolonisatorar frå Milet under namnet Theodosia (Θεοδοσία), det slaviske bynamnet er ei forvansking av dette. Området vart kjent for sitt rike jordbruk, om som byen var avhengig av. Under antikken var området del av Det bosporanske riket.
Theodosia vart mykje skadd av hunarar på 300-talet e.Kr. I dei fylgjande ni hundreåra var Theodosia ein mindre by, som vart kontrollert av høvesvis Romarriket, gotarar, khazarar, Austromarriket, kiptjakar, frå 1204 til 1261 Republikken Venezia, og deretter av mongolar (den gylne horden). Desse selde byen til republikken Genova år 1266. Frå 1296 til 1307 var Kaffa atter under Venezia, sidan igjen under Genova. Ein blømande handel oppstod i byen, som italienarane kalla for Caffa, og som stort sett hadde monopol på handelen på Svartehavet og som tente som fremste hamn og administrativt sentrum for dei geneusiske koloniane rundt havet, styrt av ein konsul. Byen hyste ei tid ein av dei største slavemarknadene i Europa.
Truleg spreidde svartedauden seg frå Asia via Kaffa år 1347 til resten av Europa. Ein smitteberande mongolsk hær under Janibeg kringsette byen mellom 1346 og 1347. Etter krigarane vart sjuke og døydde vart lika slengde inn i byen med katapultar, og smitta der bybuarane. Då dei genuesiske kjøpmennene flykta heim til Italia førte dei smitta med seg.
Då genuserane byrja legge seg i den osmanske vasallstaten Krim-khanatet erobra den osmanske hærføraren Gedik Ahmet Pasja byen år 1475. Kaffa, på tyrkisk Kefe, vart ein av dei viktigaste osmanske hamnene ved Svartehavet. Den osmanske byen fall for Tsar-Russland saman med resten av Krim i 1783. Han bytte offisielt namn til Feodosia (Феодосия), ei slavifisering av det greske namnet i år 1802.
Under andre verdskrigen vart byen erobra to gonger av tyske troppar, som gjorde stor skade på byen.
Klima
endreVêrdata for Feodosia | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 19,1 | 18,6 | 27,1 | 27,5 | 31,9 | 35,4 | 37,9 | 38,1 | 33,3 | 29 | 26,9 | 21,8 | 38,1 |
Gjennomsnittleg maks °C | 4,7 | 5,1 | 8,5 | 14,6 | 20,6 | 25,7 | 29,1 | 28,7 | 23,2 | 17 | 10,8 | 6,5 | 16,2 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 1,8 | 1,7 | 4,9 | 10,6 | 16,2 | 21,1 | 24,2 | 23,8 | 18,7 | 13,1 | 7,5 | 3,7 | 12,3 |
Gjennomsnittleg min °C | −0,8 | −1,1 | 2 | 7,2 | 12,3 | 16,8 | 19,8 | 19,5 | 14,6 | 9,6 | 4,7 | 1,2 | 8,8 |
Lågast målte °C | −25 | −25,1 | −14 | −5,5 | 1,1 | 5 | 9,1 | 9,4 | 1,4 | −11,2 | −14,9 | −18,6 | −25,1 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 36 | 41 | 42 | 37 | 36 | 43 | 30 | 48 | 45 | 38 | 48 | 51 | 495 |
Gns. solskinstimar i månaden | 61 | 73,5 | 130,2 | 183 | 251,1 | 282 | 306,9 | 288,3 | 246 | 167,4 | 84 | 49,6 | 2 123 |
Kjelde: Pogoda.ru.net.[1]Hong Kong Observatory.[2] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Feodosija» frå Wikipedia på svensk, den 31. mars 2010.
- ↑ Weather and Climate-The Climate of Feodosia (på russisk), Retrieved 24 juli 2012.
- ↑ Climatological Information for Feodosia i Ukraina , Retrieved 3 August 2012.