Opna hovudmenyen
Batumi
Horisonten til Batumi
Styresmakter
Land Georgia
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2002)

121 806
Koordinatar 41°39′″N 41°39′″EKoordinatar: 41°39′″N 41°39′″E
Tidssone MSD (UTC+1)
Diverse anna
Nettstad: www.batumi.ge

Batumi (georgisk ბათუმი, tidlegare kalla Batum eller Batoum) er ein kystby ved Svartehavet og hovudstad i Adsjaria, ein autonom republikk sørvest i Georgia. Han har om lag 120 000 innbyggjarar.

Batum er med den store hamna si eit kommersielt senter og siste stopp på den transkaukasiske jernbanen og røyrleidningen Baku-Tbilisi-Ceyhan. Han ligg 20 km nord for den tyrkiske grensa og har eit subtropisk klima med mange sitrus- og teplantasjar. Av industri i byen finn ein oljeraffineri, skipsverft, næringsmiddelindustri og lett industri.

HistorieEndra

Batumi ligg på same stad som den tidlegare greske kolonien Batis. Dei første moderne kjeldene nemner at det vart bygd festningsverk i byen på 1000-talet. Området var då under georgisk kontroll fram til 1500-talet då det vart avstått til Det osmanske riket. I 1878 vart byen avstått til Russland etter San Stefanotraktaten.

 
Batumi tidleg på 1900-talet.

Etter at tsaren fall rykte først tyrkiske styrkar inn i byen i april 1918, følgt av britiske styrkar i desember same år. Dei britiske styrkane okkuperte Batumi fram til juli 1920.

KlimaEndra

Klimaet i Batumi er subtropisk, og det veks palmer, sitron- og appelsintre i byen.

Middeltemperaturen i Batumi er 14 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på 6 °C. Juli og august er den varmaste tida med ein middeltemperatur på 22 °C. Det kaldaste som er målt her er -7 °C, og det varmaste er 40 °C. Den normale årsnedbøren er om lag 2nbsp;500 mm, der januar er våtast og mai tørrast.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Middeltemperatur [°C] 6 7 8 12 16 20 22 22 20 16 12 8 14
Nedbør (mm) - - - - - - - - - - - - 2 500

BakgrunnsstoffEndra