Li er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 1516 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Li ligg sentralt i Åsane, i området som også blir kalla Midtbygda i Åsane. Størsteparten av innsjøene Liavatnet og om lag halve Forvatnet ligg på området.

Li
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 1 516  (2023)
Postnummer 5131-5132 NYBORG
5135 FLAKTVEIT
Preposisjon Li
Gardnummer 207

Frå om lag 1977 opplevde Li ein enorm folkeauke i samband med utbygging av bustadfelt. Folkeauken vart likevel ikkje like stor som på nabogardane Flaktveit og Rolland, då mykje av Li vart regulert til næringsverksemd. Det ligg fleire store butikkar i området. Her ligg òg Åsane vidaregåande skule og barneskulen Li skule. Under andre verdskrigen låg det ein krigsfangeleir for sovjetiske krigsfanger i området.

Leiglendingen på garden kjøpte garden frå jordeigaren i 1728. I 1969 var jordbruk ein deltidsgeskjeft for alle dei tre gardbrukarane på Li. Då den store utbygginga kom på 1970-talet, vart det heilt slutt på jordbruk her.

Kjelder endre

  • Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 216-222