Liberties of the Tower of London

Liberties of the Tower of London eller berre the Tower Liberty var eit område rundt Tower of London som verken høyrde til styresmaktene i City of London eller grevskapet Middlesex. Området vart skipa som liberty ein gong etter 1200, av land som tidlegare hadde vore del av City of London.[1] Etter grenser sette på 1500-talet dekte det området innanfor ringmuren og rett utanfor, inkludert Tower Hill.

«A True and Exact Draught of the TOWER LIBERTIES, survey'd in the Year 1597».

I 1688 la Jakob II til tre område: Old Artillery Ground, Little Minories og Liberty of Well Close. Desse områda var blitt kroneigedom ved oppløysinga av klostera i England, og var blitt brukt til å lagra våpen. Det passa derfor kongen å legga dei under styret til Tower i staden for byen eller grevskapet.

Liberty-område hadde ein eigen administrasjon som blei leidd av Konstabelen av Tower of London. Området hadde ein eigen likskodemann, eigen domstol og eige fengsel og politistyrke. Innbyggjarane hadde visse privilegium, som at dei kunne krevja retten til kvart dyr som fall frå London Bridge, eller svaner under brua.

Frå 1855 blei området administrert av Whitechapel District Board of Works, og i 1889 blei det ein del av grevskapet London. I 1894 blei Liberties heilt avskaffa, og i 1900 blei det innlemma i Stepney. Det ligg i dag i bydelen Tower Hamlets.

Kjelder endre

  1. Brooke, Lawrence; Nugent, Christopher (1975). «7». London, 800-1216 : the shaping of a city. Secker and Warburg. OCLC 643752761.