Eininga liberty
Liberty var ei administrativ eining i England som oppstod i mellomalderen, og var tradisjonelt definert som eit område der kongeretten (Jura regalia) ikkje galdt og jorda høyrde til ein føydalherre eller mesne lord, det vil seia eit område der rettene som var reserverte til kongen var overførte til private hender. Det blei seinare ei eining for lokalstyre.[1]
Liberty var område med stor variasjon som var uavhengige av det vanlege systemet med hundreds og boroughs av mange ulike grunnar, vanlegvis knytt til særskilde reglar for landleige. Område som var dekte av ein liberty kunne vera spreidde utover eit grevskap eller avgrensa til eit område som var mindre enn eit einskildsokn. Eit døme på det fyrste er Fordington Liberty og på det siste er Liberty of Waybayouse, begge i Dorset.
I Nord-England var Bowland liberty ein av dei større gruppene av landeigedommar omfatta av ordninga. Det dekka rundt ti herregardar, åtte bydanningar og fire sokn styt av ein enkelt føydalherre, Lordship of Bowland, som hadde den tradisjonelle tittelen Lord of the Fells.[2][3] Fram til loven Tenures Abolition Act 1660 var slike føydalherrar rekna som lord paramount, ein herre som heldt lenet sitt utan nokon overherre.
Lovverk frå 1836 enda jurisdiksjonen til erkebiskopen i York og biskopen i Ely i fleire libertyar, og Liberties Act 1850 gjorde det mogleg å slå saman fleire slike område med fylka dei låg i. I 1867 var det berre att nokre få område med status som liberty: Ely, Havering-atte-Bower, St Albans, Peterborough, Ripon og Haverfordwest. St Albans blei tilslutta grevskapet Hertfordshire i 1875.
LLocal Government Act 1888 avslutta dei særskilde administrative einingane i april 1889: Isle of Ely og Soke of Peterborough blei administrative grevskap, eller eigne fylke, medan dei tre gjenverande libertyane blei slått saman med fylka dei låg i.
Liste over liberty-område
endre- Allertonshire
- Alverstoke Liberty
- Beaulieu Liberty
- Bentley Liberty
- Liberty of Berrick Prior
- Bircholt Franchise and Barony
- Blackfriars i London
- Bolingbroke Soke
- Bowland, Forest of Bowland, Forest and Liberty of Bowland
- Breamore Liberty
- Liberty of Brickendon (Hertfordshire)
- Precinct of Bridewell
- Bridgnorth Liberty
- Chichester
- Liberty of the Clink
- Coldharbour, City of London
- Dibden Liberty
- Doncaster Soke
- List of liberties in Dorset
- The Liberties i Dublin
- Liberty of Durham
- East Medina Liberty
- East Smithfield Liberty
- Ely Place Liberty
- Ely Rents Liberty
- Everleigh, Wiltshire
- Liberty of Glasshouse Yard
- Grantham Soke
- Liberty of Hallamshire
- Havant Liberty
- Hatton Garden Liberty
- Haverfordwest
- Royal Liberty of Havering
- Franchise of Hexhamshire
- Horncastle Soke
- Liberty of Howdenshire
- Ipswich
- Isle of Ely
- Kingswood Liberty, Surrey
- Liberty of Langbaurgh/Cleveland
- Langport Liberty
- Lodsworth
- The Minories
- Liberty of the Mint i Southwark
- Soke of Mountsorrel i Leicestershire
- Liberty of Norton Folgate
- Old Artillery Ground Liberty (del av Liberties of the Tower of London)
- Orton i Staffordshire, liberty i Wombourne sokn[4]
- OxfordMal:Fact
- Soke of Peterborough
- Pevensey Lowey
- Liberties of Priorsdale, Alston Moor
- Portsmouth and Portsea Island Liberty
- Liberty of Rufford[5]
- Richmondshire
- Liberty of Ripon
- Romney Marsh Liberty
- Liberty of the Rolls
- Ryme Intrinseca
- Liberty of St Albans
- Liberty of St John i Midhurst
- St Martin's le Grand
- Liberty of the Savoy (Liberty of the Duchy of Lancaster)
- Liberty of Saint Edmund
- Precinct of St Katharine
- Liberty of Saffron Hill
- Isle of Sheppey Liberty
- Shrewsbury Liberty
- Slaidburn, Manor and Liberty of Slaidburn
- Liberty of the Soke i Winchester
- Borough of Southwark
- Southwell and Scrooby
- Stoborough Liberty
- Lowey of Tonbridge
- Tower division, Liberties of the Tower of London
- Liberty of Trysull[6]
- Liberty of Tynedale
- Wells St Andrew
- Wenlock Franchise
- West Medina Liberty
- Liberty of Westminster (1585-1900)
- The Liberty of Westover or West Stour
- Whitefriars i London
- Whitby Strand Liberty
- Wicklaw Hundreds i East Suffolk
- Wombourne Liberty
Irland
endre«Liberty» blei brukt på Irland etter den normanniske erobringa:[7]
Kjelder
endre- ↑ Sir Thomas Edlyne Tomlins, John Raithby. «The statutes of the United Kingdom of Great Britain and Ireland: Volume 5 - Page 427».
- ↑ «Our Lord of the Fells». Longridge & Ribble Valley News. 8 December 2010.
- ↑ «That Wicker Man Moment». Forest of Bowland official website. 20 January 2011. Arkivert frå originalen 11 July 2011.
- ↑ «Descriptive Gazetteer Entry for Orton». www.ParishRegister.co.uk. Henta 22. oktober 2012.
- ↑ «Rufford - Runwick». A Topographical Dictionary of England. 1848. s. 711–716. Henta 29. desember 2010.
- ↑ National Archive England Census 1881 Staffordshire, Wolverhampton, Trysull. Description of Enumeration District 10
- ↑ «The Anglo-French (Norman) Invasion of Ireland: Irish History». Henta 16 April 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Liberty (division)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2023.