Brasme
Brasme (Abramis brama) er ein fiskeart i karpefamilien.
Brasme | |
Brasme | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Karpefisk Cypriniformes |
Familie: | Karpefamilien Cyprinidae |
Slekt: | Abramis |
Art: | Brasme A. brama |
Vitskapleg namn | |
Abramis brama |
Skildring
endreBrasme blir vanlegvis 0,5–3 kg, men fisken kan bli opptil 8-9 kg og 75 cm. Kroppen er høg og samantrykt frå sidene. Noregsrekorden for brasme tatt på stong er på 5,526 kg.[1] Han vart fiska i naturreservatet Juveren. Dette er 276 gram tyngre enn den gamle rekorden (som var frå same området).
Brasma kan likna på ein mindre slektning, flire, men kan skiljast frå denne ved talet på finnestrålar i gattfinnen. Brasme har 23-32 finnestrålar, mens flire har 19-22.
Utbreiing og habitat
endreBrasme lever i ferskvatn i Europa nord for Alpane og Pyreneane og austover mot Aralsjøen og Kaspihavet. I Austersjøen, Aralsjøen og Kaspihavet finst fisken også i brakkvann. Utbreiinga i Noreg er hovudsakleg på Austlandet, men brasme finst også i spreidde vatn oppover mot Trøndelag, og sørover mot Agder.
Levevis
endreFisken blir kjønnsmogen i 3- til 6-årsalderen og gyter normalt i mai-juni. Han gyter i puljer, og det er heilt normalt at talet på egg kjem opp i mellom 200 000-300 000. Gytinga finn helst stad i grunne viker eller sideelver med mykje vegetasjon. Brasma kan oppnå ein høg levealder, og det er dokumentert eksemplar som var over 30 år gamle.
Kjelder
endre- ↑ June Marlén Sørensen. 2003. Norges største brasme. Ringerikes Blad. Besøkt 16. desember 2012
- Denne artikkelen bygger på «Brasme» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2016.