Gjørs
Gjørs
Gjørs
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Familie: Åborfamilien Percidae
Slekt: Sander
Art: Gjørs S. lucioperca
Vitskapleg namn
Sander lucioperca

Gjørs er ein stor ferskvassfisk i åborfamilien. Han er utbreidd i varmt ferskvatn og brakkvatn i Aust-Europa, Sverige og Finland. I Noreg førekjem arten i Austfold og sør i Akershus til Øyeren i Glomma.

Norsk raudliste reknar arten som sterkt truga på grunn av endringar i habitat. Han er følsom overfor forsuring.

Kjenneteikn

endre

Gjørs kan likna åbor, men er slankare og meir langstrakt med mindre kjeft. Fargen er grønaktig, med mørkare rygg og nesten sølvglinsande buk. I munnen har han eit stort tal på små, kvasse tenner.

Gjørs kan bli 130 cm lang med ei vekt på opp til 20 kg, men er vanlegvis mykje mindre. Dei eldste registrerte eksemplara har vore 16 år gamle.

Levesett

endre

Gjørs lever for det meste pelagisk, men jaktar òg langs botnen i område med lite vegetasjon. Yngelen et vasslopper, hoppekreps og fjørmyggpupper, medan den vaksne fisken stort sett berre et andre fisk. Undersøkingar viser at arten føretrekk ulike habitatar til ulike tider av året.

Gjørsen gyter ved 11 °C i stilleflytande elver med grusbotn. Etter at egga er befrukta, hender det foreldra vaktar dei. Yngelen klekkar etter om lag ei veke, og målar då om lag 6 mm. Dei lever pelagisk nær overflata den første tida.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre