Lierne nasjonalpark
Lierne nasjonalpark er ein nasjonalpark i Lierne kommune i Trøndelag fylke.
Lierne nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Lierne | ||
Høgaste punkt | Hestkjøltoppen | ||
• høgd | 1 390 moh. | ||
Areal | 333 km² | ||
Oppretta | 17. desember 2004 | ||
Lierne nasjonalpark 64°18′N 13°54′E / 64.3°N 13.9°E | |||
Wikimedia Commons: Lierne nasjonalpark |
Nasjonalparken vart oppretta ved forskrift i 2004. Saman med andre verneområde i Sverige og Noreg er Lierne nasjonalpark ein del av eit stort samanhengande villmarksområde. Her lever rovfugl og store rovdyr som krev store leveområde. Det spesielle istidslandskapet har mange sjeldne landskapsformer.
Det er nokre få stiar i parken, men det er ikkje tilrettelagt friluftsliv i form av hytter eller merka stiar inne i nasjonalparken. Like utanfor nasjonalparkgrensa leiger fjellstyret ut nokre hytter.
Vern og bruk av parken
endreFormålet med nasjonalparken er å ta vare på eit fjell- og skogområde med få tekniske inngrep. Kvartærgeologisk er landskapet i Lierne nasjonalpark spesielt for regionen, med tjukke moreneavsetningar og mange ulike lausmasseformer, herunder rogenmorener.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.
Bakgrunnsstoff
endre- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Lierne nasjonalpark. Arkivert 2007-05-06 ved Wayback Machine.
- PDF-kart Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.