Lill Sofie Wilsberg

norsk songar og stylist

Lill Sofie Stub Eriksson Wilsberg (fødd i 1995[1]), også kjend under artistnamnet Lily Löwe, er ein norsk rockevokalist, låtskrivar og stylist frå Eidskog. Ho deltok i Melodi Grand Prix 2022 med låten «Bad Baby».

Lill Sofie Wilsberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1995 (29 år)
Skotterud
Yrke vokalist, låtskrivar, sminkør
Nettstad https://www.lilylowe.com/

Bakgrunn endre

Wilsberg vaks opp på Skotterud i Eidskog i Innlandet, men flytta til Oslo etter vidaregåande.[2] Der satsa ho på musikk, hovudsakleg melodisk hardrock, men også innan sjangrane som metal med innslag av pop og punk. Hennar musikalske førebilete er blant andre Rammstein og Lady Gaga.[2]

I tillegg til musikken jobber Wilsberg også som kostymedesigner, sminkør og stylist. Ho har medvirka i produksjonen av ei rekkje film- og tv-produksjonar, blant anna NRK-serien Rådebank.[3] For Rådebank blei ho nominert til både Gullruten 2021 og Gullruten 2022 i klassen beste kostyme.[4][5][6]

I 2022 deltok Lily Löwe i Melodi Grand Prix, med låten «Bad Baby».[2] Löwe deltok i den andre delfinalen laurdag 22. januar, men gjekk ikkje vidare til finalen.[7]

Diskografi endre

Album endre

Singlar endre

  • 2022 – «Bad Baby»

Kjelder endre

  1. «Lill Sofie Stub Eriksson Wilsberg – 1 roller i norsk næringsliv». www.proff.no. Henta 12. januar 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Sand, Camilla (10. januar 2022). «Herer årets artister i Melodi Grand Prix». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. januar 2022. 
  3. Eliassen, Heather Ørbeck (20. januar 2022). «FraRådebank til MGP». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. januar 2022. 
  4. Taugbøl, Hanna (19. april 2021). «(+)Eidskoging nominert til Gullruten: – Skikkelig, skikkelig stas!». Glåmdalen (på norsk). Henta 12. januar 2022. 
  5. Redaksjonen (16. april 2021). «Gullrutenfagprisene 2021: De nominerte». Rushprint (på norsk bokmål). Henta 12. januar 2022. 
  6. «Denominerte til Gullrutens fagpriser». rushprint.no. 9. april 2022. Henta 9. mai 2022. 
  7. Aschim, Thorvald (22. januar 2022). «Faridatil MGP-finalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. februar 2024.