Lill Tove Fredriksen

Lill Tove Fredriksen (fødd 25. januar 1971[1]) er ein samisk litteraturvitar og fyrsteamanuensis ved UiT – Noregs arktiske universitet.

Lill Tove Fredriksen

Fødd1971
NasjonalitetNoreg
Yrkeforfattar, vitskapsperson, universitetslærar

Biografi

endre

Lill Tove Fredriksen kjem frå Lakselv i Porsanger kommune.[2] Ho studerte samisk ved Universitetet i Tromsø og tok mastergrad i 1999. I masteroppgåva si undersøkte ho dei tradisjonelle songane til sjøsamane i heimkommunen sin. Frå 2000 til 2005 arbeidde Fredriksen som fyrstekonsulent, og som tolk for pasientar med nordsamisk som morsmål ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg i Tromsø.[3] Mellom 2005 og 2015 var ho doktorand med Harald Gaski som vegleiar[4] og arbeidde samstundes som universitetslektor i samisk litteraturvitskap ved UiT. Den 28. april 2015 disputerte ho for doktorgraden med ei avhandling om Jovnna-Ánde Vest sin romantrilogi Árbbolaččat. Dette var den fjerde disputasen halden på nordsamisk ved Universitetet i Tromsø.[5]

Sidan 2015 er ho fyrsteamanuensis i samisk litteraturvitskap ved UiT. Forskningsinteressene hennar omfattar mellom anna moderne samisk prosa og urfolksperspektiv i akademia.[6] Ho skriv òg populærvitskaplege tekstar om desse temaa, både i tradisjonelle medium og i bloggar.

Fredriksen var styremedlem i Samisk faglitterær forfatter- og oversetterforening frå 2007 til 2012, og deretter leiar frå 2012 til 2020.[3][7]

Ho bur i Tromsø.[3]

Bibliografi i utval

endre
  • Lill Tove Fredriksen (2001). Porsáŋggu lávlagat. Mearrasámi lávlunárbevierru ja olmmošlaš reaškinkultuvra. Skriftserie for Senter for samiske studier (på nordsamisk) 10. Tromsø: Universitetet i Tromsø. 
  • Lill Tove Fredriksen (2015). … mun boađán sin maŋis ja joatkkán guhkkelebbui… Birgengoansttat Jovnna-Ánde Vesta románatrilogiijas Árbbolaččat (på nordsamisk). Romssa: UiT – Norgga árktalaš universitehta. 
  • Lill Tove Fredriksen (2020). Imagination and Reality in Sami Fantasy. The Arctic in literature for children and young adults (på engelsk). London: Routledge. s. 135–145. ISBN 9780367360801. 
  • Silbagatnjalat ; Sølvtåra – diktsamling, tekst på nordsamisk og bokmål, Davvi girji 2025

Kjelder

endre
  1. «CURRICULUM VITAE Lill Tove Fredriksen født 250171» (PDF). Henta 9. februar 2022. 
  2. Hun vil fornorsknings-stalloen til livs. sagat.no (på norsk). Ságat. 21. mai 2020. «Lill Tove Fredriksen (49) er opprinnelig fra Lakselv i Porsanger kommune» 
  3. 3,0 3,1 3,2 «CURRICULUM VITAE Lill Tove Fredriksen født 250171» (PDF) (på norsk). Henta 9. februar 2022. 
  4. Lill Tove Fredriksen (2015). … mun boađán sin maŋis ja joatkkán guhkkelebbui… Birgengoansttat Jovnna-Ánde Vesta románatrilogiijas Árbbolaččat (på nordsamisk). Romssa: UiT – Norgga árktalaš universitehta. s. 3. «Giittán iežan bagadalli Harald Gaski…» 
  5. Lill Tove Fredriksen i Store norske leksikon, lese den 10. februar 2022
  6. Lill Tove Frederiksen på nordics.info, lese den 10. februar 2022
  7. «Oktavuođa dieđut» (på nordsamisk). Sámi fágagirjjálaš čálliid- ja jorgaleaddjiidsearvi. Henta 9. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre