Lily on the Beach

studioalbum av Tangerine Dream
Lily on the Beach
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Oktober 1989
Innspelt Juli til august 1989 i Wien og Berlin
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 55:59
Selskap Private Music
Produsent Edgar Froese, Paul Haslinger
Tangerine Dream-kronologi 
Miracle Mile
(1989)
Lily on the Beach Destination Berlin
(1990)


Lily on the Beach er det 37. albumet og det 19. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, gjeve ut i oktober 1989.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Albumet hadde to aspekt som synte den musikalske retninga til Tangerine Dream for 1990-åra. Det var det første albumet med den då 19 år gamle sonen til til Edgar Froese, Jerome Froese, som var gjestemusikar på sologitar på sporet «Radio City». Han vart sidan fast medlem i bandet og fekk etter kvart meir innverknad på retninga deira. Det andre aspektet var at «Long Island Sunset» var det første sporet til Tangerine Dream med saksofon, som dei kom til å nytte mykje tidleg i 1990-åra.[2]

Heile albumet vart spelt inn på nytt i 2002 som ein del av plateboksen The Melrose Years, i lag med nyinnspelingar av albuma Optical Race (1988) og Melrose (1990). Denne utgåva vart gjeven ut som sjølvstendig plate i mars 2009. Nyinnspelinga kom ut med eit bonusspor kalla «Pearl River», feilaktig plassert mellom «Twenty-Nine Palms» og «Gecko».

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Edgar Froese og Paul Haslinger.

Nr.TittelLengd
1.«Too Hot for my Chinchilla»3:51
2.«Lily on the Beach»4:16
3.«Alaskan Summer»3:33
4.«Desert Drive»3:47
5.«Mount Shasta»4:26
6.«Crystal Curfew»4:57
7.«Paradise Cove»3:45
8.«Twenty-Nine Palms»3:19
9.«Valley of the Kings»5:05
10.«Radio City»4:04
11.«Blue Mango Cafe»4:12
12.«Gecko»3:33
13.«Long Island Sunset»7:11

Medverkande endre

Teknisk
  • Norman Moore – plateomslag og design
  • Ian Logan – fotografi
  • Monica Froese – konsept for fotografi

Kjelder endre

  1. Lily on the BeachAllmusic
  2. Berling, Michael. «Lily on the Beach». Voices in the Net. Henta 10. april 2013.