Opna hovudmenyen
Lincoln County
Singel av Dave Davies med The Kinks
B-side «There Is No Life Without Love»
Utgjeve Juni 1968
Innspelt 1968
Sjanger Folkrock
Lengd 3:12
Selskap Pye Records
Låtskrivar(ar) Dave Davies
Dave Davies med The Kinks-kronologi
«Susannah's Still Alive»
(1967)
Lincoln County «Hold My Hand»
(1969)


«Lincoln County» er ein song av den britiske musikaren Dave Davies, som er mest kjend som gitarist i rockebandet The Kinks. Det var den tredje singelen hans.

InnspelingEndra

«Lincoln County» vart spelt inn under innspelinga til The Kinks Are the Village Green Preservation Society, og som «Death of a Clown» og «Susannah's Still Alive», deltok alle medlemmane i The Kinks på innspelinga.[1]

UtgjevingEndra

«Lincoln County» vart gjeven ut på singel i juni 1968 i lag me B-sida «There Is No Life Without Love». I motsetnad til dei to førre Dave Davies-singlane («Death of a Clown» og «Susannah's Still Alive»), gjorde singelen det dårleg, og nådde berre 15. plassen på den nederlandske singellista. Etter dette gav berre Davies ut ein singel til («Hold My Hand») før han la solokarrieren på is fram til albumet Dave Davies i 1980.

«Lincoln County» skulle opphavleg ut på albumet A Hole in the Sock of (Dave Davies), men dette kom aldri ut. Han har sidan vore med på The Album That Never Was og somme CD-utgåver av Something Else by The Kinks.

MottakingEndra

«Lincoln County» har generelt fått god omtale. Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic kalla songen eit høgdepunkt frå Dave Davies-albumet Hidden Treasures.[2] Richie Unterberger frå AllMusic kalla songen eit høgdepunkt på The Album That Never Was.[3]

KjelderEndra

  1. Miller, Andy. Kinks' The Kinks Are the Village Green Preservation Society. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «AllMusic 'Hidden Treasures'». 
  3. Unterberger, Richie. «AllMusic 'The Album That Never Was'».