Linda Stahl
Linda Stahl (fødd 2. oktober 1985) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Steinheim som tevla i spydkasting. Ho vart europameister i øvinga i 2010 og har elles vunne ein OL-bronse, to EM-bronsar og eitt EM-sølv i øvinga i tida 2012-16.
Linda Stahl | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 2. oktober 1985 (39 år) Steinheim |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Presidentvalget i Tyskland 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Presidentvalget i Tyskland 2017 |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt |
Aktiv
endreStahl vart nummer 10 med 61,04 m i sin meisterskapsdebut i VM 2007 i Osaka. I 2008-sesongen kasta 66,06 m, men for seint til å få vere med til sommar-OL i Beijing. Året etter kom ho på sjetteplass under VM i friidrett 2009 på tysk heimebane i Berlin, hennar lengste finalekast målte 63,23 m.
I europameisterskapen 2010 i Barcelona smelte Stahl i femte omgang til med personleg rekord på 66,81 meter. Dermed tok ho over leiinga i tevlinga frå landskvinna Christina Obergföll, som ikkje makta svare og såleis enda på sølvplassen med 65,58 m. Stahl kvalifiserte seg til spydfinalen i friidretts-VM 2011, grunna skade deltok ho ikkje i finalen.
Både frå friidretts-EM og sommar-OL i 2012 fekk Stahl bronsemedaljar med heim. I Helsingfors-EM kasta ho spydet 63,69 m, i London-OL måtte ho opp i 64,91 m for å sikre seg medalje. Stahl kasta så som lengst 64,78 m under VM i friidrett 2013 i Moskva. Dermed enda ho opp som nummer fire, 31 cm bak bronsevinnaren Marija Abakumova frå Russland. Året etter tok Stahl si tredje internasjonale bronsemedalje då ho fekk notert 63,91 m i EM i friidrett 2014 i Zürich.
Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam oppnådde Stahl 65,25 m, og fekk med det sølvmedaljen i øvinga, vel meteren bak Tazzjana Khaladovitsj frå Kviterussland. Ho la opp etter Sommar-OL 2016.
Stahl var tysk meister i spydkasting i 2013 og 2014.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Linda Stahl» frå Wikipedia på tysk, den 29. september 2014.