Opna hovudmenyen

Marija Vasiljevna Abakumova (fødd 15. januar 1986) er ein russisk friidrettsutøvar frå Stavropol som tevlar i spydkasting. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2011, og har elles vunne eitt OL-sølv og to VM-bronser i tida 2008-13.

Marija Abakumova
Mariya Abakumova 2 Daegu 2011.jpg
Marija Abakumova under VM 2011 i Daegu
Foto: Erik van Leeuwen
Fødd 15. januar 1986
Stavropol
Yrke friidrettsutøvar, spydkaster
Marija Abakumova på Commons

AktivEndra

Abakumova markerte seg internasjonalt i 2007 med personbeste på 64,38 m, før ho i sitt fyrste verdsmeisterskap, VM i Osaka, vart nummer sju med 61,43 m. Under Sommar-OL 2008 i Beijing imponerte ho stort og sette ny personleg rekord med 70,78 m, ein prestasjon som gjorde henne til sølvmedaljør. Barbora Špotáková frå Tsjekkia vann med 71,42 m. Ved friidretts-VM 2009 i Berlin kasta Abakumova 68,92 m i kvalifiseringa, men i finalen stoppa ho på 66,06 m, eit resultat som heldt til bronsemedalje.

Høgdepunktet for Abakumova på idrettsbana kom i Daegu 2011. Her vann ho gulllmedaljen i VM i friidrett 2011, etter å ha kasta heile 71,99 m, ny landsrekord og meisterskapsrekord. Barbora Špotáková måtte ta til takke med sølv, trass i sterke 71,58 m. Før sommarleikane 2012 i London låg prestasjonane på eit lægre nivå enn dei føregåande sesongane, likevel var 59,34 m og ein tiandeplass svakare enn ein kunne ha forventa.

Tidleg i 2013-sesongen kasta Abakumova 69,34 m, men utover i sesongen enda ho på meir beskjedne lengder. I VM på heimebane, VM i friidrett 2013 i Moskva, fekk ho bronsemedaljen med 65,09 m, nær fire meter bak vinnaren, Christina Obergföll frå Tyskland. På tampen av sesongen passerte Abakumova 70-metersstreken med eit kast på 70,53 m.

KjelderEndra