Lindeslørsopp

Lindeslørsopp
Status
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]
Systematikk
Rike: Soppar Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Agaricales
Familie: Cortinariaceae
Slekt: Slørsoppar Cortinarius
Art: Lindeslørsopp C. tiliae
Vitskapleg namn
Cortinarius tiliae

Lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) er ein truga soppart frå Noreg. Han høyrer til slekta slørsoppar (Cortinarius). Soppen er endemisk til oslofjordområdet,[2][3] det vil seia at han berre finst der. Soppen er rekna som sterkt truga i Noreg.[1]

Soppen veks typisk i kalklindeskog, som er ein verna habitattype i Noreg. Han dannar ein sopprotsymbiose med lind.[1]

Ein rekner med at dagens førekomst er ein rest (relikt) etter eit større utbreiingsområde frå varmetida kjend som subboreal tid, då det vaks mykje meir lind i Skandinavia.[4] Ein kjenner til 8 stader der arten veks, og rekner med at det finst rundt 500 individ av denne soppen.[1]

KjelderEndra