Line Henriette Hjemdal
Line Henriette Holten Hjemdal (fødd 18. oktober 1971 i Sarpsborg) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho har vore stortingsrepresentant for Østfold fylke sidan 2005.
Line Henriette Hjemdal | |
| |
Fødd | 18. oktober 1971 (51 år) Sarpsborg kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Menighetsfakultetet |
Far | Odd Holten |
Hjemdal bur no i heimbyen Fredrikstad, er gift og har to døtrer. Ho er dotter av tidlegare stortingsrepresentant Odd Holten og voks opp i Fredrikstad. I 2003 vart ho vald i Askim bystyre.
Ho er utdanna teolog (Menighetsfakultetet 1996), og har arbeidd som generalsekretær i Kristeleg Folkepartis Ungdom, som informasjonsrådgivar for KrF på Stortinget og som politisk rådgivar hos Dagfinn Høybråten, først i Sosial- og helsedepartementet (2001–04), deretter i Arbeids- og sosialdepartementet (2004–05).
Hjemdal vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og 2009, og sit i helse- og omsorgskomiteen.
8. oktober 2009 vart Hjemdal vald til 5. visepresident i Stortinget.
RegjeringEndra
- 23. oktober 2001 – 31. desember 2001: Politisk rådgivar Sosial- og helsedepartementet
- 1. januar 2002 – 1. oktober 2004: Politisk rådgivar Helsedepartementet
- 1. oktober 2004 – 28. februar 2005: Politisk rådgivar Arbeids- og sosialdepartementet
StortingskomitearEndra
- 2005–: medlem i Energi- og miljøkomiteen