Midgarth, eller Holm of Midgarth og Linga Holm, er ei folktom øy i Orknøyane i Skottland, om lag 700 meter vest for Stronsay.[1] Namnet Linga Holm kjem frå det norrøne Lyngholm.

Linga Holm
Geografi
Linga Holm is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°08′N 2°40′W / 59.13°N 2.67°W / 59.13; -2.67
Øygruppe Orknøyane

Areal 0,57 km²

Høgaste punkt 10 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

Historie endre

Som mange av dei andre Orknøyane finst det mange arkeologiske funn på Midgarth. Desse er mellom anna piktiske hus og gamle steinrøyser.

Øya er ikkje busett i dag, men i 1841 vart det registrert ein familie på seks.[2][3]

Dyreliv endre

Øya er yngleplass for mange gråsel og eit viktig hekkeområde for grågås.

Kjelder endre

  1. John Maurius Wilson, The Imperial Gazetteer of Scotland: Or, Dictionary of Scottish Topography, 1854
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  3. FreeCEN Orkney Website, arkivert frå originalen 3. oktober 2011, henta 20. mars 2010