Grågås
- For den islandske lovboka «Grågåsa», sjå Grágás
Grågås | |
![]() Grågås | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av Grågås | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Anser |
Art: | Grågås A. anser |
Vitskapleg namn | |
Anser anser |
Grågås (Anser anser) er ein stor fugl i andefamilien.
SkildringEndra
Grågåsa når ei lengd på 75-90 cm og har eit vengespenn på 147-180 cm Vekta er normalt cirka 2,2-5,5 kg. Ho har oransjefarga nebb og er grå med mørke spettar på øvre del av halsen og langs sidene. Spettane blir mørkare og større mot tuppen av vengefjørene, som er heilt mørke. Fuglen har dessutan innslag av kvitt på undersida av stjerten.
Ein deler gjerne grågåsa inn i to underartar, ein vestleg og ein austleg. Tidlegare rekna ein òg norske, islandske og skotske grågjæser som ein eigen underart, men ei slik inndeling blir per i dag ikkje akseptert.
Utbreiing og hekkingEndra
Grågåsa er ein trekkfugl, sjølv om dei som hekkar i Skottland, som visse andre populasjonar i nordvest-Europa, er standfuglar. Ho hekkar i det det geografiske området som blir kalla Palearktis, frå Island til Nederland i vest via Nord-Europa og Russland til Stillehavet i aust. Under trekket vår og haust er det kjent at grågjæser kan «haike» med andre gjæser, eksempelvis kortnebbgås på veg mot hekkeplassane på Svalbard.
I Noreg hekkar grågåsa stort sett langs kysten, på gras- og lyngkledde holmar og øyar, frå Oslofjorden til Porsangerfjorden. Det er òg registrert hekkande fugl på det indre Austlandet. I 2007 hekka det eit grågåspar på ei av dei små øyane utanfor Vesterntangen i Hønefoss, der Begnaelva møter Randselva. Hekkinga på Austlandet har truleg samanheng med utsetting av fugl i indre Oslofjorden frå 1960-talet og framover. Tidlegare hekka nemleg grågåsa berre frå Rogaland og nordover.[2] Den norske bestanden høyrer til den nordvesteuropeiske grågåsbestanden.
AnnaEndra
Grågåsa er stamfaren til tamgåsa i Europa og Nord-Amerika. Flokkar med ville fuglar som stammar frå tamfuglar er utbreidde.
Innanfor vitskapen har grågåsa ein historisk posisjon som den arten som åtferdsforskaren Konrad Lorenz først brukte i studia sine om det behavioristiske fenomenet preging.
GalleriEndra
Grågås i trekk over Hønefoss, på veg mot hekkeplassane i Trøndelag. Turen tek omkring åtte timar frå Tyrifjorden.]]
Beitande grågås i Ystad, februar 2016.
KjelderEndra
- Omsett frå Wikipedia på bokmål fredag 1. januar 2010, klokka 22:36.
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av grågås Anser anser for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.